Sidan februar har fødetilbodet i Nordmøre og Romsdal vore samla i Molde. Bakgrunnen for dette var ein krevjande driftssituasjon med mangel på personell i Kristiansund.
Jobba intensivt med rekruttering
Nasjonalt er det mangel på både gynekologar og jordmødrer, og rekruttering av personell har vore – og er - svært utfordrande. Gjennom heile 2020 og 2021 har det vore jobba intensivt med å få på plass tilstrekkeleg med kompetent personell slik at helseføretaket kan opne fødeavdelinga i Kristiansund.
I september fekk fødeavdelingane i Molde og Kristiansund på plass ein permanent avdelingssjef, og føretaket har sidan våren rekruttert fleire gynekologar og jordmødrer spesielt til Kristiansund, men også til Molde. Målet var å gjenopne Kristiansund 1. desember.
– Vi har stor forståing for at både befolkninga og våre tilsette ønsker ein meir avklart situasjon, men omsynet og tryggleiken til dei fødande må gå først. Vi står i ein situasjon med sårbare fagmiljø begge stader og vi er nøydd til å følje situasjonen nøye for å sikre eit trygt fødetilbod, seier klinikksjef Georg Johnsen i Klinikk SNR.
Adm.dir Øyvind Bakke meier det er gjort ein god jobb med rekruttering, sjølv om det ikkje lukkast med å opne 1. desember, som var planen.
– Dei fleste gynekologane som vi har fått på plass er frå distriktet og har vore innom avdelinga under utdanninga. Dette viser kor viktig det er å satse på utdanning av eigne spesialistar, seier Bakke.
Fortsatt behov for fleire
På jordmorsida har helseføretaket tatt omfattande grep for å lukkast med rekrutteringa, både på kort og lang sikt. Som kortsiktig tiltak har føretaket gitt rekrutteringstilskot mot bindingstid, og i tillegg har 10 sjukepleiarar starta på vidareutdanning for å bli jordmødrer denne hausten. Under utdanninga får dei 100 % løn dekka av helseføretaket. Desse vil vere utdanna jordmødrer sommaren 2023.
– Vi ser allereie resultat av rekrutteringa som er gjort, men vi er fortsatt i ein sårbar situasjon. Å bygge opp eit fagmiljø er eit langsiktig arbeid, spesielt ved dei mindre sjukehusa, seier Carina Wollan Myhre, assisterande klinikksjef i Klinikk SNR.
Sidan føden i Kristiansund stengte, har Kristiansund sjukehus ved lokal leiing rekruttert fire gynekologar og to legar som er under spesialisering for å bli gynekolog. I tillegg er det rekruttert fem jordmødrer, tre barnepleiarar og ein sjukepleiar.