
Prosjektsjef for AIO-prosjektet Jan Gunnar Sølberg frå Sykehusbygg og prosjektleiar Anne Flo i Helse Møre og Romsdal.
Ålesund sjukehus har i fleire år lidd av ein forelda bygningsmasse og dårleg infrastruktur som ikkje er tilpassa ei moderne driftsform. Styret i Helse Møre og Romsdal har godkjent ein entreprisestrategi som gjer at sjukehuset kan finne entreprenør til utbygginga som vil gi sjukehuset nytt akuttmottak og ny intensivavdeling, og å oppgradere operasjonsavdelinga kraftig. I tillegg er det planar for nytt ventilasjonsanlegg. Arbeidet med ny adkomst og ny hovudinngang er alt i gong.

Prosjektsjefen har lang erfaring i å lede utbyggingar på bygg og anlegg under drift.
Mykje planlegging før byggingJan Gunnar Sølberg er prosjektsjef for utbygginga i Ålesund og kjem frå Sjukehusbygg. Saman med prosjektleiar Anne Flo i Helse Møre og Romsdal skal han lede arbeidet i AIO-prosjektet (akutt, intensiv og operasjon).
- Godkjenninga i styret var den forløsande faktoren for oss. No kan vi få på plass dei rådgivarressursane vi treng og finne ein entreprenør til utbygginga, men det skal mykje planlegging til før vi kan sette spada i jorda, seier Jan Gunnar Sølberg.
Brukarane må høyrast
Anne Flo har leia arbeidet i konseptfasa til AIO-prosjektet som har ei kostnadsramme på over 1.1 milliardar kroner. Flo skal vidare ha ansvaret for utvikle organisasjonen. Ho meiner at nøkkelen til eit godt resultat er høg brukermedverknad.
- Gjennom arbeidsgrupper som skal sjå på innhold og måtar å arbeide på og nye bygg, så skal vi få til ein god flyt i sjukehuset vårt som gir forutsigbarheit, og at vi har riktig pasient på rett nivå. Rett og slett ein ny og god arbeidsmetodikk, seier Anne Flo.
Tilpasse bygga til sjukehuset
Prosjektsjef Jan Gunnar Sølberg har 20 års erfaring frå prosjektleiing av oppgradering av anlegg og bygg under drift. Utfordringa ved Ålesund sjukehus er nettopp å smelte saman nybygg med eksisterande bygningsmasse under drift. Dette blir ei svært kompleks oppgåve, og det krever ein heilt spesiell kompetanse i helseforetaket, hos rådgivere og entreprenør. Difor vil prosjektorganisasjonen bruke tid på å finne dei dyktige folka.
- Det er ikkje mogleg å ta ei hyllevare og sei versågod bygg. Bygga må tilpassast sjukehuset sine behov, og vi er difor heilt avhengig av å ha med oss kompetansen på sjukehuset i Ålesund slik at dei spesielle behova og ønska kjem inn i prosjektet, seier prosjektsjefen.
Startar seinhausten 2022
Forutan nybygg til akutt, intensiv og oppgradering operasjon, så har AIO-prosjektet følgeprosjekt som ny adkomst til sjukehuset, ny hovudinngang i nord og påbygg og rehabilitering av inngangen i sør. I tillegg til utskifting av delar av ventilasjonsanlegget.
- Vi forventar at bygginga av ny hovudadkomst og ny hovudinngang startar seinhausten 2022. Når dette er ferdig, så er det åpent for at vi kan starte i sør. Men det som er viktig for oss er å komprimere byggeperioda for å redusere ubehag, opplyser Sølberg.
- Bygginga kjem til å berøre alle på Ålesund sjukehus. Det er det ingen tvil om, seier Anne Flo, og legg til at først ut er områda rundt inngang nord. Sjølv om fysisk flytting av tilsette ikkje vil skje før om 5-6 månader, så må vi starte planlegginga no.

Oversikt over AIO-prosjektet ved Ålesund sjukehus med følgeprosjekt.
Skal sikre godt samspel
Sjølv om AIO-prosjektet inneheld fleire delprosjekt, så er det hovudprosjektet Sølberg og Flo har mest fokus på. Nybygget blir på 2.750 kvm og skal stå mellom høgblokka og Barneavdelinga, og er planlagt ferdigstilt i 2026.
- Som prosjektsjef blir styring av byggeria mi viktigste oppgåve samt sikre godt samspel mellom aktørane, og ikkje minst kostnadsstyring. Ønskjer og innspel må passe til den kostnadsramma vi har, og sånn sett så er det ikkje sikkert at eg blir den mest populære i prosjektet. Men målet for både Anne Flo og meg at vi skal få mest mogleg sjukehus for pengane, avsluttar Jan Gunnar Sølberg.
AIO-prosjektet er avhengig av at staten gir lånetilsagn til prosjektet og eit endeleg byggevedtak.