Det er forventa at det kan kome mange flyktningar og også pasientar frå krigen i Ukraina til Norge, og det vil berøre spesialisthelsetenesta i Møre og Romsdal.

Erik Solligård er fagdirektør i Helse Møre og Romsdal.
Det er Oslo Universitetssykehus som har fått oppdraget med å koordinere og fordele eventuelle pasientar til dei ulike helseregionane. Ein koordinator ved St. Olav vil så vidarefordele pasientar til Helse Møre og Romsdal.
- Vi har oppretta kontaktpersonar ved alle sjukehusa våre som overvakar kapasiteten, og som har oversikt over kva slags type pasientar ein kan ta imot til ei kvar tid, seier fagdirektør Erik Solligård, og legg til at pasientar vi skal ta hand om vil kome med fly til fylket.
Solligård fortel vidare at det no er koordineringsmøte kvar veke mellom helseføretaket, kommunane og Statsforvaltaren for å kartlegge ressursar og førebu seg for ein større tilstrømming av pasientar.
- Vi har rapportert kor mange pasientar vi kan ta imot utan å ta ned aktiviteten, samtidig som vi har planar for kor mange vi kan ta imot ved å redusere anna aktivitet på sjukehusa. Vi har også kartlagt prøvetakingskapasiteten vår, seier fagdirektøren, som har tett dialog med kommunar og Statsforvaltaren for å koordinere arbeidet.
Det er også forventa eit større antall flykningar til regionen vår som i hovudsak vil vere eldre, kvinner og barn. Dei kan ha ulike utfordringar knytt til kroniske sjukdommar, dei kan mangle medisinar, fleire er gjerne gravide, og ikkje minst vil dei kreve enorm psykososial oppfølging etter dei traumene dei har opplevd.
- Dette vil kreve mykje av kommunehelsetenesta, og vi samarbeider difor tett for å kartlegge kapasiteten både hos kommunane og i helseføretaket slik at vi står best mogleg rusta til å handtere dette saman, seier fagdirektøren. Vi arbeider også med å få løyst utfordringar knytt til tolketenesta på sjukehusa.
Krigen i Ukraina kan også gi helseføretaket andre utfordringar som forseinkingar knytt til levering av medisinteknisk utstyr og forsyningar, samt auka prisar.
- Vi ser allereie at det tar lenger tid å få bestilte varer, og det er også auka transportkostnader. Vi har i dag god kontroll på forsyningslinene våre, men vi følgjer dette tett saman med blant anna Sykehusinnkjøp, opplyser Erik Solligård.