
Ein iPad er akuttmottakets nye tolk og den er tilgjengelig til ein kvar tid, seier Kjetil Bjørdal, som er intensivsjukepleiar i Ålesund og prosjektleiaren for utprøvinga av det digitale oversettingsverktøyet.
Behovet for mindre ventetid på tolk i møte med framandspråklege har blitt
større, spesielt med ukrainske flyktningar på veg. Helsevesenet har nødvendighet
for, og brukar hyppig, eksterne tolkeleverandørar i møte med framandspråklege.
Samtidig som tolketenesta har blitt svært kostbar, er det ein tidkrevjande
prosess som og gjer det nødvendig å flytte pasienten til rom med telefon og
høgtalar. Spesielt i akutte situasjoner er det viktig å starte undersøkelsane så raskt som mogleg.
Ubegrensa tilgang til digital
tolk
Akuttmottaket i Ålesund har i lengre tid sett eit vesentleg
behov for ein sikrare og smidigare måte for å ta imot framandspråklege
pasientar, samt redusere kostnadane ved bruk av eksterne tolkar. Ønsket var ein
digital plattform som er tilgjengelig når ein treng det. Det har dei no funne i
mobilapplikasjonen «Care To Translate» (CTT).
– Mediantida for å skaffe tolk ligg på 36 minutt, og det er ikkje alltid at det
er ein som er tilgjengeleg. Mediantida for oppstart av applikasjonen er på 26
sekund. Det seier seg sjølv at det er ein stor forskjell, spesielt i akutte
situasjonar. Det fortel Kjetil Bjørdal, som er intensivsjukepleiar i Ålesund og
prosjektleiaren for utprøvinga av «CTT» i regionen. Han har mykje erfaring med å
jobbe akutt og er kjend med språkutfordringa som kan oppstå i kvardagen. Han er
svært fornøgd med å ha ei god løysing i møte med pasientar som ikkje kan eller
har utfordringar med å kommunisere på norsk og engelsk.
– Det gir oss,
men også pasienten, ei stor tryggheit å kunne umiddelbart kommunisere med
kvarandre, slik at vi kan raskt utføre undersøkelsar og samtidig forklare
pasienten kva som skjer, fortset han.

Mobil appen gir rask tilgang til både skreddarsydde og førehandlaga spelelister som er overset til meir enn 40 språk.
Applikasjonen gir behandlarane
førehandsinnspelte setningar, frasar og spørsmål som både dei og pasient brukar
på ei mobil eining. Skreddarsydde spelelister passar til forskjellige
situasjonar, men ein kan også lage sine eigne spelelister basert på behov som
nødstilfelle, drop-in, pleie, men og i møte med resepsjonen. Applikajonen er og
tilpassa for å gi pårørande nødvendig informasjon i møte med
helsepersonell.
I akuttmottaket følgjer dei systematiske prosedyrar, og
dei har blant anna laga skreddarsydde spelelistar som har samme rekkefølge som
kjerneprosessane deira. Det gir ein god pasientflyt, og ei vesentleg tryggheit i
møte med helsepersonellet når pasienten kan forstå kva som skjer.
Eit sikkert digitalt oversettingsverktøy
Når ein skal
innføre nye digitale verktøy, er det store spørsmålet den tekniske sikkerheita.
Pasientinformasjon skal ikkje på noken måte være i fare, og med «CTT» er det
ingen pasientinformasjon å hente eller lagre.
– Vi har vært gjennom ein
omfattande sikkerheitsanalyse av applikasjonen, og den er klarert for bruk i
helsevesenet. Applikasjonen brukar ikkje tale-oversetting, som lagrar
informasjon på eksterne serverar. Med eit bibliotek av førehandsinnspelt innhold
er det ingen risiko for data på avveie, seier Bjørdal.
Med førehandsinnspelte spelelistar der ein velg kva språk ein skal oversette
til, er det ikkje noko sensitiv informasjon som blir lagra med ein tredjepart,
som gjer den heilt trygg i bruk.
Klar for å ta i mot ukrainske flyktningar
Flyktningstraumen
grunna krigen i Ukraina er den store nye utfordringa. Omtrent 500 flyktningar er
til no komne til Møre og Romsdal, men det er fleire på veg. Dei vil i hovudsak
vere eldre, kvinner og barn. Dei kan ha ulike utfordringar knytt til kroniske
sjukdommar, dei kan mangle medisinar, fleire er gjerne gravide, og ikkje minst
vil dei kreve enorm psykososial oppfølging etter dei traumene dei har opplevd.
Utviklarane rulla nyleg ut ein tredjedel av filbiblioteket for
ukrainsk, som betyr at alle dei fire akuttmottaka i Møre og Romsdal no kan møte
flyktningar og pasientar frå ukraina med umiddelbar kommunikasjon på språket
deira.
– Dei fleste i ukraina snakkar russisk som eit andrespråk, og vi har
brukt det i møte med ukrainske pasientar so longt. For flyktningane kan eit møte
med et ukjent helsevesen være ei ekstra belastning når kommunikasjonen foregår
på russisk, so vi er svært glade for at vi no kan kommunisere med dei på språket
deira, seier Bjørdal.
Spelelistene som no er tilgjengeleg har vist seg å
være tilstrekkelig for behovet i akuttmottaket, men Bjørdal er glad for at
utviklinga går raskt og at fleire spelelister blir tilgjengeleg fortløpande. Når
dei først tok kontakt med utviklarane var det totalt 3000 frasar på 40 språk
tilgjengeleg. På kort tid er dei oppe i 4000 frasar. Utviklinga går raskt.
–
På ein måned har vi brukt applikasjonen med 15 pasientar, og opplevelsen er
svært god. Vi har for eksempel fått kommunisert med en ektefelle av en
covid-pasient som blei instruert om å isolere seg heime. Kommunikasjonen er
stort sett problemfri, og vi får følge eigne prosedyrar utan problem.
Prosjektet blir utvida
Dei tre andre akuttmottaka i
Møre og Romsdal har no fått tilgang til applikasjonen, og dei skal være med å
evaluere applikasjonen i prøveprosjektet.
Andre klinikkar har også
fått med seg at Ålesund brukar «CTT». St. Olavs hospital i Trondheim har tatt
kontakt og forhørt seg om erfaringane.
Bjørdal er svært begeistra for applikasjonen, og
ser for seg utvida bruk om ikkje lenge, spesielt vil nytta være stor i
ambulansetenesta.
- Nytteverdien av å kunne starte dialogen med pasient
allereide i ambulansa vil gi oss enda større moglegheit for å starte
undersøkingar og behandling raskare, men og gi pasienten tryggheit før dei møter
oss på sjukehuset.