
Frå åpninga av Akutt12 i Kristiansund. F.v. Cindy Golmen Bøe, Nina Brattøy, Kathrine Frisvold, Monicha S. Isaksen, Elin Kjønnø, Georg Johnsen, Joakim Varvin og Åge Austheim
Mandag åpna klinikksjef for Sjukehuset Nordmøre og Romsdal Georg Nikolai Johnsen
Akutt12 som er ei ny observasjonseining knytt til akuttmottaket ved sjukehuset i
Kristiansund. Dette er den første eininga i sitt slag ved sjukehusa i fylket, og
peikar såleis framover mot det nye akuttmottaket og korttidsposten som opnar ved
Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR) i 2025.
- Vi håpar at det nye
tilbodet skal redusere innleggingar og gi riktig behandling på rett nivå. Det er
eit faktum at viss pasienten først blir skriven inn, så blir dei ofte liggande
lengre på sjukehus enn strengt tatt nødvendig, seier klinikksjef Johnsen.
Observasjonseininga Akutt12 har tre pasientplassar kor ein kan
undersøkje, observere og behandle øyeblikkeleg hjelp-pasientar som sannsynlegvis
kan avklarast og utskrivast samme dag. Det er akuttmottaket som er ansvarleg for
drifta, og i første omgang er det indremedisinske pasientar som blir prioritert
ved eininga.