Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Besøksrestriksjonar ved medisinsk sengepost Kristiansund

Grunna fleire covid-positive pasientar vil det fortsatt vere restriksjonar ved besøk til den medisinske sengeposten ved Kristiansund sjukehus.

Publisert 04.07.2022

​Medisinsk sengepost ved Kristiansund sjukehus har dei siste vekene hatt besøksforbod på grunn av mange innlagte covid-positive pasientar. Sjukehuset går no over til å innføre besøksrestriksjonar som inneber at alle besøk må avtalast med sengeposten på førehand.
- Sjukehuset er svært pressa med stort overbelegg og fortsatt oppsving av covid-smitte hos pasientar som blir lagt inn. Vi anbefalar pårørande å vurdere behovet nøye, og vi ønskjer så korte besøk som mogleg, seier assisterande klinikksjef Carina Wollan Myhre ved Sjukehuset Nordmøre og Romsdal.

Myhre legg til at dei kun kan ta imot to pårørande i gongen til ein inneliggande pasient.