Smitten er påvist ved to seksjonar, der smittesporinga førebels viser ein samanheng mellom tre tilsette og ein pasient.
– Vi testar også meir perifere kontaktar til dei smitta no etter anbefalingar frå FHI ved mistenkt utbrot i sjukehus. Alle berørte blir kontakta direkte, fortel klinikksjef Georg Johnsen.
Opprettheld drifta ved sjukehuset
Johnsen fortel at sjukehuset ikkje har redusert kapasitet som følge av smitten.
– Vi har strenge smitteverntiltak og jobbar heile tida for å førebygge smitte i sjukehusa. Med meir smitte i samfunnet aukar også risikoen her, men det er trygt å kome til timen sin på sjukehuset, understrekar klinikksjefen.