HELSENORGE

Desse skal leie utbyggingsarbeidet på Ålesund sjukehus

Prosjektstyret for AIO-prosjektet i Ålesund blei i dag presentert for styret i HMR. No går det store utviklingsprosjektet over i en forprosjektfase.

Slik kan det nye inngangspartiet bli sjåande ut

Slik kan det nye inngangspartiet bli sjåande ut

AIO-prosjektet blir planlagt innan kostnadsramme på 1,15 MNOK og i fasen framover vil idéskissene bli transformert til meir nøyaktige byggteikningar.

Adm.dir Øyvind Bakke har i samband med dette oppretta eit prosjektstyre som skal leie gjennomføringa på ein effektiv måte. 

Prosjektstyret skal rapportere direkte til adm.dir og har følgande samansetting:

- Heidi Nilsen, HMR (styreleiar)
- Torstein Hole, HMR (medlem)
- Ketil Gaupset, HMR (medlem)
- Kirsti Slotsvik (medlem)
- Lars Magnussen, HMN (medlem)
- Even Bakøy, HMR (tilsettrepresentant)


- Det har vore viktig for meg å sikre god leiarforankring i AIO-prosjektet. Med viseadministrerande direktør Heidi Nilsen får vi ein erfaren styreleiar som vil bidra til å sikre kontinuitet og vi nyttiggjer oss dei erfaringene vi allereie har hausta i andre tilsvarande prosjekt i føretaket, seier adm.dir Øyvind Bakke.

Byggprosjekt med en ramme på over 500MNOK krever at Sjukehusbygg blir påkopla. Saman med HMRs Anne Flo, skal Jan Gunnar Sølberg leie forprosjektarbeidet. Solberg har både økonomisk og teknisk utdanning, i tillegg til mange års erfaring som prosjektleiar for større byggprosjekt.

- Eg gleder meg til å komme vidare med planlegginga av den etterlengta utbygginga i Ålesund. Vi er svært nøgd med å få Jan Gunnar Sølberg frå Sjukehusbygg med på laget, som er en erfaren prosjektleiar. Målet no er å raskast mogleg sikre eit byggevedtak i våre føretaksstyrer, seier viseadm. dir Heidi Nilsen.