
Administrerende direktør Øyvind Bakke opna saman med styret i Helse Møre og Romsdal det nye habiliteringsbygget ved Ålesund sjukehus onsdag føremiddag.
Renoveringsprosjektet har pågått sidan 2019, då Helse Møre og Romsdal kjøpte det som var lokala til Hjelpemiddelsentralen. Før avdelingane fekk flytte inn i nybygget var dei lokalisert i ei blokk ved sjukehuset. Dei gamle lokala blei beskrivne som lite moderne og ikkje føremålstenelege.
– Derfor er det ein ekstra stor glede å stå her i dag og kunne opne desse flotte lokala til spesialisert habilitering, seier Bakke i ein tale til ein lykkeleg forsamling.
Vidare hylla Bakke habiliteringsavdelingane for det tverrfaglege og framtidsretta arbeidet, i tillegg til den utadretta ambulerande tenesta og det tette samarbeidet med kommunane.

Habiliteringstilbodet har no fått ein meir sentral og synleg plassering på sjukehusområdet. Bygget husar i hovedsak to tilbod, spesialisert habilitering for vaksne og habilitering for barn og unge også kalt «HABU».
Spesialisert habilitering for vaksne
Spesialisert habilitering Sunnmøre er eit tilbod til vaksne med nedsatt funksjonsevne, som følge av medfødde eller tidleg erverva tilstandar, skader i nervesystem eller bevegelsesapparatet. Seksjonen har til saman 13 fagstillingar og er tverrfagleg bemanna. Arbeidet er både poliklinisk og ambulant.
Mykje av den kliniske verksemda foregår i eit tett samarbeid med den kommunale helsetenesta. Ei viktig oppgåve er rettleiing, undervisning og kurs til kommunalt tilsette som yter tenester til desse pasientgruppene.
Habilitering for barn og unge, «HABU»
Habilitering for barn og unge,«HABU», gjeld i hovedsak barn og unge (0-18 år) med medfødt eller tidleg erverva funksjonsnedsettelse og/eller utviklings- forsinkingar eller forstyrringar og som har behov for spesialiserte habiliteringstenester. Avdelinga har 22 tilsette organisert i to tverrfaglege team, og dei jobbar med polikliniske konsultasjonar og ambulant ute i kommunane. Dei har og eit avgrensa intensivt tilbod til barn i førskulealder. Seksjonen har også ein avdeling i Kristiansund.
Adm.dir Øyvind Bakke opna det nye habiliteringsbygget ved Ålesund sjukehus