HELSENORGE

Får reise heim samme dag etter proteseoperasjon

- Det vanlege er at pasientane reiser heim dagen etter ein proteseoperasjon. Vi har starta eit prosjekt kor pasientane får reise heim samme dag, seier prosjektleiar Andrea Jønland ved Ålesund sjukehus. 


Det tverrfaglege teamet bak prosjektet "Protese på ein dag". F.v. Overlege og seksjonssjef ortopedisk seksjon Jørn Ståle Aaen, prosjektleiarane Anne-Sofie Bjørke Skorpen og Andrea Jønland, fysioterapeut Anita K. Vassbakk, seksjonsleiar Andre Giskegjerde Høybakk og fysioterapeut Christian Myrseth. Overlege Ole Christian Roth var ikkje tilstede da bilete ble tatt.


Eit tverrfagleg team ved Ålesund sjukehus beståande av fysioterapeutar, sjukepleiarar og legar har satt i gang prosjektet «Protese på ein dag» for å tilby pasientar heimreise samme dag som operasjonen er gjort. Ålesund sjukehus er ett av få offentlege sjukehuset i landet som no kan tilby eit slikt forløp knytt til hofte- og kneprotesar.
- Dette er eit tilbod til pasientar som er motiverte og ellers er friske nok til å gjennomføre denne behandlinga, seier prosjektleiarane Andrea Jønland og Anne-Sofie Bjørke Skorpen.

Tett oppfølging
Nøkkelen til at pasientane kan reise heim samme dag er tett oppfølging både før og etter operasjon av eit tverrfagleg team. Pasientane blir vurdert av lege før operasjon og får med seg god informasjon. Sjukepleiarane følger opp og avklarer om pasienten ønskjer ei slikt forløp. Fysioterapeut har også samtale med pasientane i forkant. Her får dei informasjon om restriksjonar og instruksjon i øvelsar som krykkegange. Dette blir dei oppfordra til å øve på i forkant av operasjonen.
- I staden for å nytte spinalbedøvelse, så får pasientane narkose. Det gjer at dei kjem raskare til seg sjølv etter operasjonen. Det kan gjerne vere tre timar i forskjell, og på dei timane får en gjort mykje knytt til opptrening. Så det er ein viktigt faktor til at pasienten kan reise heim samme dag, fortel Anne-Sofie Bjørke Skorpen, som har tatt sjukeplaiarutdanning si i Danmark kor denne behandlingsforma er meir utbredd.

- Vi opplever at pasientane føler seg trygg, og veit godt kva dei går til før dei kjem inn til operasjon. Vi startar med mobilisering så snart pasienten er våken etter inngrepet. I løpet av dagen blir det gjennomgang av øvingar, og trening med krykker – også i trapp. Ei meir intens og konsentrert oppfølging enn for dei pasientane som reiser heim dagen etter, legg fysioterapeut Anita K. Vassbakk til.

- Første pasienten vår var veldig godt førebudd og hadde øvd seg på krykkegang, og var velinformert på kva ein kunne oppleve etter operasjonen, og det igjen betyr mindre arbeid i etterkant, supplerer Anne-Sofie Bjørke Skorpen.

Brukar gjerne video for oppfølging
Samme kveld som pasienten er komen heim blir dei kontakta av sjukepleiarane i teamet for å høre korleis det har gått så langt. Pasienten blir også fulgt opp dagen etterpå med ein samtale, og likedan ei veke etter inngrepet.
- Vi tek gjerne i bruk video i staden for telefon om det passar pasienten, opplyser sjukepleiar Andrea Jønland. Video gir oss betre innsikt i korleis pasienten har det, og det er dermed tryggare både for oss og pasienten enn ein samtale på telefon. Med video kan pasienten til dømes vise oss operasjonsområdet. 

Sjukepleiarane tok initiativet
Sjølve operasjonen med å sette inn hofte- eller kneprotese blir utført på samme måte både for dei som kan reise heim samme dag og dei som treng lenger tid på sjukehuset. I første fase får 10 pasientar dette tilbodet, og så skal ein ta ei evaluering før dette blir eit permanent tilbod.
- Tilbodet om tidleg heimreise er for dei pasientane dette passar for, og vi har mange pasientar som har vist interesse for denne behandlinga, seier overlege og seksjonssjef på ortopedisk seksjon Jørn Ståle Aaen, som tek fram at det er sjukepleiarane på avdelinga som har tatt initiativet og gjort meste av arbeidet for å få til dette forløpet.

Aaen legg til at prosjektet er spesielt interessant knytt til ringvirkningane for andre pasientgrupper på sjukehuset. Det sparar nemleg sengeplasser som kan brukast til pasientar som har større behov for innlegging.

Ei stor utvikling
Seksjonsleiar Andre Giskegjerde Høybakk ved avdeling for kirurgi i Ålesund fortel at pasientar som fekk hofte- eller kneproteser gjerne var inneliggande i ei til to veker for 10-15 år sidan. Det var også vanleg å reise på eit opptreningsopphold etter det igjen.
- For omtrent 12 år sidan starta vi med å fokusere på opplæring og mobilisering. Då klarte vi å få ned liggetida til tre til fire dagar. Sidan har vi jobba med og utvikla metodikken, og det er veldig kjekt å sjå at vi no kan tilby heimreise samme dag med god oppfølging frå fagfolka våre, avsluttar Andre Giskegjerde Høybakk.

Det pågår arbeid med liknande forløp knytt til proteseoperasjonar ved dei andre sjukehusa i fylket, og teamet i Ålesund skal dele sine erfaringar frå prosjektet "Protese på ein dag" i desse fagmiljøa.