HELSENORGE

Fekk ros for arbeidet som er lagt ned i SNR-prosjektet

Under styremøtet i Helse Møre og Romsdal 8. februar ga styret uttrykk for at dei er letta og særs nøgd over arbeidet som er lagt ned i prosjektet med å realisere Sjukehuset Nordmøre og Romsdal det siste året. Så langt har prosjektet signert 19 kontraktar i tråd med ny gjennomføringsstrategi.



Støypearbeid på byggetomta på Hjelset
Leiar for prosjektstyret, Heidi Nilsen og prosjektdirektør Knut Ragnar Heimdal presenterte status for byggearbeidet på Hjelset og kontraheringsprosessen. 

Bilete teke på tomta på Hjelset sommaren 2021

- I januar er det lagt ned ei betydeleg arbeid i særs mykje dårleg ver på Hjelset. Vi held framdriftsplanen og ser store endringar på tomta frå veke til veke, fortalte Heimdal. 






HENT AS som har ansvar for arbeidet med råbygget har stor aktivitet på tomta knytt til fundamenterings- og støypearbeid og i tillegg går arbeidet med monteringa av ferdige veggelement raskt framover. 

Ferdige veggelement

Ferdige veggelement gjer bygginga effektiv

Trinnvis bygging

Under møtet presenterte Heimdal ein førebels hovudframdriftsplan for prosjektet som syner tidsplanen fram til driftsstarten i 2025. Akuttsjukehuset blir bygd frå aust til vest og etasje for etasje og bygget som kjem opp først er bygg 1270 som mellom anna skal huse sentralkjøkkenet, korttidsposten og akuttmottaket.



Bygget reiser seg trinnvis på tomta

Bygget reiser seg trinnvis på tomta

- For å sikre nødvendig arbeidsgrunnlag for det innvendige arbeidet knytt til desse områda pågår det eit betydeleg arbeid det våre tilsette er involvert i kvalitetssikring av alt frå innhald i funksjonsområde, plassering av stikkontaktar til soneplanar og adgangskontrollar, sa Nilsen.  

- Ved den tekniske sentralen er det også gjort godt arbeid. Det står att arbeid med taktekking og oppsett av ei pipe og Angvik Grytnes er i rute med å levere denne delen av prosjektet i april, fortalte Nilsen. 

Viggo Risan fra Angvik Grytnes foran den tekniske sentralen

Status kontraheringsprosessen

Heimdal er godt nøgd med gjennomføringa av konkurransane så langt, men nokre unnatak. 

Konkurransen om sanitær-, varme og kjøleanlegg ga ikkje ønska resultat. Prosjektet legg difor opp til ein konkurranse om ein rammeavtale for røyr- og sanitærarbeid. Konkurransen kjem ut i marknaden i løpet av februar/mars. 
- I dag er frist for reviderte tilbod for entreprisen om å bygge psykiatri- og habiliteringsbygget. Her er vi godt nøgd med konkurransen så langt og har tru på å få inngått kontrakt i løpet av februar, sa Heimdal.

Redusert risiko i prosjektet 

Med fleire kontraherte entreprisar blir marknadsrisikoen i prosjektet redusert. Sluttprognosa for prosjektet er uendra, men oppjustert med SSB sin indeks til desember 2021-kroner og er no 6007 MNOK inkl. mva.