HELSENORGE

Framleis strenge smitteverntiltak i Helse Møre og Romsdal

Eit høgt smittetrykk og allereie høgt sjukefråver gjer at Helse Møre og Romsdal viderefører gjeldande smittevernstiltak for pasientar og tilsette. 

– Vi har førebudd oss på høgare sjukefråver blant våre tilsette, og det har slått til. Vi klarer per i dag å oppretthalde planlagde operasjonar og konsultasjonar, men er avhengig av å førebygge smitte i størst mogleg grad i føretaket. Vi skal både skjerme pasientane i Møre og Romsdal og sørge for at vi har nok personell på jobb til ei kvar tid, fortel fagdirektør, Erik Solligård. 

Tilretteleg​ging ved fødsel og kritisk sjukdom 

Regjeringa opna samfunnet og fjerna alle forskriftsfesta tiltak laurdag 12. februar. I tillegg er det gitt føringar for at sjukehusa skal tilrettelegge for at smitta kan bli med på fødsel og kunne besøke alvorleg sjuke. 

– Vi har også fram til no lagt til rette for besøk til kritisk sjuke etter avtale med aktuell avdeling. No jobbar vi med å finne ei trygg løysing under fødsel, fortel fagdirektøren.  ​
 

H​​else Møre og Romsdal har skjerpa beredskap 

Den største risikoen ved smitte er per no ikkje alvorleg sjukdomsforløp, men sjukefråver blant tilsette som kan gi større driftsutfordringar. Helse Møre og Romsdal viderefører grønt beredskapsnivå (ein skjerpa beredskap) for å følge smittesituasjonen tett og fortløpande vurdere konsekvensane den har for sjukehusdrifta.  

​Beredskapsnivåa: 


  • KVIT beredskap: (Normalberedskap)  
  • GRØN beredskap: (Skjerpa beredskap). Beredskapsleiing er etablert, og nokre funksjonar kan ved behov bli forsterka  
  • GUL beredskap: (Delvis mobilisering)  
  • RAUD beredskap: (Full mobilisering) ​