Helse Møre og Romsdal er frå tysdag 29. mars kl. 15 tilbake i normal beredskap.
– Vi kjem til å følgje smittesituasjonen framover i leiarlinja i nært samarbeid med dei føretakstillitsvalde og hovudverneombud, som deltek i utvida leiarmøte fortel Bakke.
Smittevernstiltak som blir videreført
– Det er framleis viktig å førebygge smitte med covid-19, særleg til pasientar med svekka immunforsvar og medisinske risikofaktorar, fortel smittevernoverlege Jørn-Åge Longva.
Her er smitteverntiltak som blir videreført:
- Tilsette skal bruke munnbind i pasientnært arbeid (stell etc)
- Tilsette, pasientar på poliklinikk/dagbehandling og besøkande skal bruke munnbind dersom dei har husstandsmedlem eller tilsvarande nære som har covid-19
- Pasientar med nyoppståtte luftvegssymptom bør framleis få utsatt time til behandling dersom der er medisinsk forsvarleg
Besøksrestriksjonane blir oppheva
Dei strenge besøksrestriksjonane blir oppheva. Sjekk besøkstider under Praktisk informasjon ved den avdelinga du skal besøke.
Hugs at du ikkje kan besøke nokon på sjukehuset dersom
- du kjenner deg sjuk
- har oppkast/diare
- har nyoppståtte symptom på luftvegsinfeksjon
Unntak kan innvilgast for pårørende til kritisk sjuke og/eller døyande. Dette avtalar du med aktuell avdeling på førehand og følgjer deira smittevernråd.