Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

I toppsjiktet innan behandling av kreft i tykktarm og endetarm

I Kreftregisteret sin siste årsrapport scorar Ålesund sjukehus høgt på kvalitetskrava innan kirurgisk behandling av kreft i tykktarm og endetarm.

Publisert 30.06.2022

En mann med briller

Floro Arnone seier at dei gode resultata kjem av eit tett tverrfagleg samarbeid på sjukehuset.

​Kreft i tykktarm og endetarm er samla sett den nest hyppigste kreftforma i Norge. Den viktigste behandlinga er kirurgi, men ein stor andel av pasientene får også kjemoterapi og/eller strålebehandling. I årsrapporten til Nasjonalt kvalitetsregister for tykk- og endetarmskreft utgitt av Kreftregisteret viser at Ålesund sjukehus er i toppsjiktet innan kirurgisk behandling av kreft i endetarm og tykktarm.
- Talla viser at behandlinga vår gir gode resultat for pasientane. Vi har blant anna ein høg andel målt på landsbasis utan spreiing til andre organer fem år etter operasjon. Dette gjeld både kreft i endetarm og tykktarm, seier Floro Arnone, seksjonsoverlege ved gastrokirurgisk seksjon Ålesund sjukehus. 

Ålesund sjukehus operer både tykktarm og endetarm, mens Molde sjukehus operer tykktarm. Til saman ligg difor Helse Møre og Romsdal høgt i volum knytt til antall operasjonar.
- Vi ligg tett opp mot universitetssjukehusa i antall utførte operasjonar. Dødeligheita er lav, og ved kvalitetsindikatoren «5 års overlevelse etter operasjon» så scorer vi godt over kvalitetskrava og ligg blant dei beste nasjonalt, opplyser overlege Arnone. Han eksemplifiserer det med at heile 90% av pasientane som har blitt operert for endetarmskreft mellom 2017-2021 fortsatt er i live.

Arnone fortel vidare at Nasjonalt kvalitetsregister har seks kvalitetsindikatorar som sjukehus blir målt på. Forutan å måle spreiing til andre organ, dødsfall innan 100 dagar etter operasjon og overleving 5 år etter operasjon, så har registeret stort fokus på at sjukehusa melder inn antall tilfeller og utførte operasjonar. Her ligg Ålesund sjukehus på topp i Norge.
- Det er svært viktig med rapportering til Kreftregisteret for å gi pasientane ett rett bilde av behandlinga som blir gjort, opplyser Floro Arnone.

Arnone legg til at dei gode resultata kjem frå eit godt tverrfagleg samarbeid mellom gastrokirurger, gastroenterologer, radiologer og onkologer. Kvar veke har vi fellesmøte for å diskutere kva som er riktig behandling for den enkelte pasient.
Dei fleste operasjonar i Ålesund og i Molde blir utført som kikkhullskirurgi. Det er eit mindre traumatiserande inngrep som gir raskare rekonvalesens, og kortare liggetid for pasienten.