HELSENORGE

Klart for legeutdanning i Møre og Romsdal frå 2023

- Vi skal forberede oss for å tilby eit best mogleg utdanningsløp for dei som skal studere i Ålesund, seier administrerande direktør Øyvind Bakke i Helse Møre og Romsdal. Det er viktig for oss å vere ein attraktiv arbeidsgivar som rekrutterer gode fagfolk.


F.v. Siri Forsmo, dekan ved Fakultet for medisin og helsevitenskap NTNU, administrerande direktør Stig Slørdahl i Helse Midt-Norge og administrerande direktør Øyvind Bakke i Helse Møre og Romsdal.


Fredag signerte Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet (NTNU) ein avtale med Helse Møre og Romsdal HF om å etablere eit desentralisert studieløp for utdanning av legar i Møre og Romsdal frå 2023. Avtalen inneber at studentar ved profesjonsstudiet i medisin ved NTNU frå og med det tredje studieåret kan ha undervisning og praksis ved Helse Møre og Romsdal sine sjukehus. Utdanninga får base i Ålesund.

Oppstart i 2023
– Hausten 2023 kan vi ønskje dei første 20 medisinstudentane velkomen til Ålesund og Helse Møre og Romsdal, seier Siri Forsmo, dekan ved Fakultet for medisin og helsevitenskap, NTNU.

Det var ein historisk dag da Siri Forsmo og Øyvind Bakke kunne signere ein avtale om desentralisert legeutdanning i Møre og Romsdal.

– Vi er veldig fornøgde med å ha fått på plass samarbeidsavtalen med NTNU, seier Øyvind Bakke, administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal. Vi skal forberede oss for å tilby eit best mogleg utdanningsløp for dei som studerer i Ålesund. Det er viktig for oss som helseforetak å vere ein attraktiv arbeidsgivar som rekrutterer gode fagfolk. Ved å ta ei aktiv rolle i medisinutdanninga bidrar vi til å utdanne våre egne fagfolk for framtida, legg han til.

Etter å ha gjennomført dei to første studieåra på Campus Øya i Trondheim, flyttar studentane til Ålesund. Der skal dei tilbringe dei neste tre åra ved helseforetaket og primærhelsetenesta i Møre og Romsdal.  Studentane vil lære det samme som studentane i Trondheim og undervisninga foregår i realistiske situasjonar i sjukehus, allmennpraksis og helsehus.
– NTNU etablerte i 2018 ei desentralisert legeutdanning i Helse Nord Trøndelag, som vi drar erfaringer frå når vi startar opp i Møre og Romsdal. NTNU er først i Norden med å nytte denne studiemodellen i deler av medisinstudiet, seier Forsmo.
 
Kompetanse lokalt
Stig Slørdahl, som er administrerande direktør i Helse Midt-Norge RHF, har vore ein av pådrivarane for å få på plass desentralisert legeutdanning i Møre og Romsdal.
– Å utdanne legar i Ålesund bidreg til auka rekruttering av fagfolk med akademisk kompetanse lokalt. Legar som tidligere søkte seg til Trondheim for å komme nær forsknings- og utdanningsmiljøa ved NTNU og St. Olavs hospital, kan no i større grad bli værande ved lokalsjukehusa. Det vil styrkje både fag og kvalitet i helsetenestene ytterlegare. Dette er godt nytt for befolkninga i Møre og Romsdal og for heile Midt-Norge, seier Slørdahl.

Den desentraliserte medisinutdanninga får base ved NTNUs campus i Ålesund. Institutt for helsevitenskap i Ålesund vil bidra til godt fagleg samarbeid og deltaking i forsking og undervisning. Det vil styrkje både fag og kvalitet i helsetenestene.
 
Etableringa av desentralisert medisinutdanning i Møre og Romsdal er ei oppfølging av myndigheitene sin plan for å auke antall studieplassar innan helsefaga. 

Grimstadutvalget leverte i 2019, på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet, ei utgreiing som anbefaler å auke kapasiteten på medisinutdanninga i Norge. Utvalet peika på auka bruk av lokalsjukehus og kommunehelsetenesta som eit sentralt verkemiddel for å få opp antall legar.