– Mange eldre kan ha negativ effekt av cellegift, med unødvendige biverknader, vidare komplikasjonar og redusert livskvalitet. Med ei brei geriatrisk vurdering før cellegiftbehandling kan vi finne ut kven som kan ha positiv effekt og kven som kan ha negativ effekt av cellegift. Viss mogeleg justerer vi behandlinga eller set inn tiltak for å optimalisere funksjonen. Det fortel seksjonsoverlege og geriater Yngve Seljeseth ved Ålesund sjukehus.
I lag med kreftavdelinga har dei fått pasienttryggleiksmidlar både frå legeforeninga, Helse Møre og Romsdal og Helse Midt-Noreg til å starte opp dette som eit prosjekt. Målet er å innføre geriatrisk vurdering som standard undersøking til pasientar over 70 år som er tilvist til cellegiftbehandling.

Seksjonsoverlege og geriater Yngve Seljeseth, seksjonsleiar og kreftlege Jo-Åsmund Lund og sjukepleiar med spesialutdanning innan geriatri Ida Kathrin Røyseth.
Kreftlegen tilviser til geriatrisk vurdering Per i dag er det pasientar over 70 år, tilvist til cellegiftbehandling for første gong, som får tilbod om brei geriatrisk vurdering før cellgiftbehandling. Ut i frå alder på pasienten vil kreftlegen kople på eit geriatrisk team for å gi pasienten best mogleg behandling.
– Det kan ofte vere kort tid etter ein operasjon at pasienten skal til vurdering hos oss, fortel Ida Kathrin Røyseth som er sjukepleiar med spesialutdanning innan geriatri. Ho kan vere den første som tar kontakt med pasienten om ei geriatrisk vurdering. Over telefon stiller ho nokre kartleggingsspørsmål og ut i frå svara på desse ser ho om pasienten er ein av dei som bør kome til undersøking.
– Mange pasientar og pårørande er positive når eg tar kontakt, men nokre er også skeptiske. Det handlar om å formidle korleis denne kartlegginga kan vere nyttig for dei, fortel Røyset.
Ekspertar på sine felt
Eit geriatrisk team består både av legespesialist i geriatri, geriatrisk sjukepleiar, ergoterapeut, fysioterapeut og klinisk farmasøyt. Dei er ekspertar på sjukdommar som opptrer i relasjon til alderdomen. Kven som deltar i behandlinga er tilpassa etter behovet.
– Eit slikt team er betre til å avdekke skjulte utfordringar hos denne pasientgruppa, fortel seksjonsleiar og kreftlege Jo-Åsmund Lund. Han forklarer vidare at utfallet av ei geriatrisk vurdering ikkje nødvendigvis er om pasienten kan få cellegift eller ikkje, men at ein kan førebu pasienten og gjere nødvendige tilpassingar for å gjere han betre rusta for behandling med cellegift.
– Målet med undersøkinga er å gi riktig, persontilpassa behandling for å sikre best mogleg livskvalitet, unngå unødvendige biverknader, vidare komplikasjonar og overbehandling med cellegift, fortel Lund.
Vår felles pasient
– Det er eit nasjonalt fokus på geriatri som eit stadig viktigare fagområde. Dette i samband med ei aldrande befolkning og korleis vi i helsevesenet skal møte nye utfordringar, fortel Seljeseth. I Ålesund har dei fått oppretta nye tilbod til pasientgruppa, med mellom anna med såkalla ortogeriatrisk vurdering (ortopedi og geriatri) og no onkogeriatrisk vurdering (kreft og geriatri).
– Her må vi tenke team på tvers av avdelingar. På sjukehuset i Ålesund set det ein grunntanke om at dette er vår felles pasient, og det gir den beste føresetnaden for ein god og heilskapleg behandling, avsluttar seksjonsoverlegen.