HELSENORGE

Kristiansund sjukehus opnar for barselkvinner

Frå måndag 10. januar tek fødeavdelinga ved Kristiansund sjukehus imot kvinner som har født og som ønskjer sitt barseltilbod i Kristiansund.  
Johanne Gryt som er nytilsett som seksjonsleder ved fødeavdelinga ser fram til å ønskje dei nybakte mødrene velkomen.



Bak frå venstre: gynekolog Marcell Bakos, jordmor Lise Brændeland, gynekolog Lisa Skiphamn, jordmor Heidi Moen Sundli, gynekolog Rune Rise Framme frå venstre: seksjonsleiar og jordmor Johanne Gryt, jordmor May Therese Solslett, sjukepleiar Marta Hyllnes,

Seksjonsleiar Johanne Gryt

- Vi gler oss til å ta imot barselkvinnene og trur og håpar at dette er eit ynskeleg tilbod på vegen mot full opning av fødeavdelinga i Kristiansund, seier Gryt. 
Gryt som tilrådde som seksjonsleiar 1. desember 2021 har vore tilsett ved Kristiansund sjukehus sidan 2009. Hun er utdanna sjukepleiar og jordmor og har jobba som jordmor ved fødeavdelinga ved sjukehuset sidan 2014. 


Om barseltilbodet

Barseltilbodet er for kvinner som har født for minst seks timer sidan, og er i fin form etter fødselen. Normalt er barselopphaldet på to-tre dagar, men det kan forlengast ved spesielle behov. 

Under barselopphaldet vil kvinnene få tilbod om: <

  • ​vegleiing i amming og nyfødtstell frå høgt kompetente barnepleiarar, jordmødrer og sjukepleiarar i rolige omgjevnadar
  • barnelegeundersøking av det nyfødte barnet før du reiser heim
  • einerom saman med partnar
  • undervising med fysioterapeut 

Kvinnene må sjølv ordne transport for seg og barnet til barselavdelinga. 

Tilsette ved barselsavdelinga gler seg til å ta i mot mødrene og dei nyfødde borna

​Ny arbeidskvardag for tilsette
Fleire tilsette som har pendla til Molde det siste året kjem no i hovudsak til å jobbe i Kristiansund. Nokre tilsette vil fortsette å pendle for å jobbe ved fødeavdelinga i Molde. 

- Vi har førebudd oss godt og har hatt tverrfaglege fagdagar med fokus på akutte situasjonar i fødsel og barseltid. Vi har vekka avdelinga til liv igjen, fått nye farger på romma og ny kunst på veggane. Her skal alt vere klart for ei trygg, roleg og trivelig barseltid, seier Gryt