Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Kva er viktig for deg dagen 9. juni

Er det nokon som har spurt deg om kva som er viktig for deg? Eller er dette eit spørsmål som du er vant til å spør andre?  Spørsmålet og samtalen rundt dette temaet er vurdert som så viktig at det har fått sin eigen dag. «Kva er viktig for deg?-dagen»

Publisert 09.06.2022
Bildekolasj med brukarrepresentantar. Det som er  viktig for meg er at eg er viktig for deg

Kva er viktig for deg dagen blir feira 9.juni og blir markert på ulike måtar i over 50 land.  Initiativet til dagen starta i Noreg gjennom læringsnettverket for «Gode pasientforløp» i regi av KS og Folkehelseinstituttet. På denne dagen blir alle tilsette i kommunehelsetenesta og spesialisthelsetenesta oppfordra til å trene på å spør alle sine pasientar og brukarar om «Kva er viktig for deg?» - uavhengig av alder og helsetilstand. 

Eit spørsmål om livskvalitet 

Det å vere aktiv i utforminga av eigne mål aukar motivasjon og styrker meistringskapasiteten hos oss menneske. Når fokuset blir flytta frå diagnosar til samtalar om kva som er viktig i livet, kan pasientar og ev. pårørande saman med helsepersonalet diskutere korleis merksemda blir på livskvalitet og kva som er viktig i livet til tross for sjukdom og eller tap i funksjonsnivå.  

Deltaking i læringsnettverk for gode pasientforløp 

Gjennom læringsnettverket for «Gode pasientforløp for eldre og kronisk sjuke» har vi brukt kunnskapen til å løfte fram aktuelle tema som aller mest handlar om brukarmedverknad og at pasientar og brukarar deltek i utforming av eigne tenester ut frå behov og føresetnader.  

Då vi feira Kva er viktig for deg dagen i 2018 fekk vi inn hundrevis av svar frå pasientar og pårørande. På bakgrunn av desse svara utforma Brukerutvalet i Helse Møre og Romsdal plakaten «7 råd til helsepersonell»​ 

​7 råd til ​​​helsepersonell  


  1. At du lyttar til meg og at eg blir behandla vennleg og med respekt. 
  2. At du er godt førebudd og at det er mest mogleg kontinuitet i behandlinga.  
  3. At du sikrar at eg får medverke i eiga behandling. 
  4. At du så langt som råd legg til rette for rask og effektiv oppfølging. Mi tid er også viktig.  
  5. At du tenkjer over pasienten sin alder og bustad ved fastsetting av time. 
  6. At du overheld teieplikta og at det er god skjerming på fleirmannsrom.  
  7. At du har fagleg kompetanse slik at eg føler meg trygg og ivaretatt. 

Kvifor blir ikkje det​ viktige spørsmålet alltid stilt?  

I 2020 blei filmen  «Kva er viktig for Daniel?» laga etter at vi hadde kartlagt kvifor at det viktige spørsmålet ikkje alltid blir stilt. Filmen, som tydeleggjer at «kva er viktig for deg?» er meir ein samtale enn eit spørsmål, finn du på Helse Møre og Romsdal si facebookside eller på denne adressa: www.helse-mr.no/pasientsamtalen  

​​Når ein får ei alvorleg diagnose 

Alle kommune og dei fire sjukehusa i fylket har samarbeidd tett om innføring av palliativ plan. I denne planen er spørsmålet «kva er viktig for deg» heilt sentralt. Palliativ plan er eit tilbod til den som får ein sjukdom eller tilstand som ein ikkje kan bli frisk av og som kan føre til forkorta levetid. Det er viktig at ein slik plan blir laga så tidleg som mogleg. Planen kan ein ha over mange år. Det å få ein alvorleg sjukdom kan føre til store utfordringar og bekymringar både for den som er sjuk og dei som er rundt. Planen kan hjelpe og bidra til gode prosesser med auka tryggleik og tillit for alle partar. Vi får gode tilbakemeldingar om nytta av ein slik plan frå både pasientar, pårørande og helsepersonell. 

Den som tenker at ein slik plan kan vere aktuell, så ta kontakt med din fastlege. Meir informasjon finn du på www.helse-mr.no/palliativplan.  

Også eit spørsmål om samval 

Helse Møre og Romsdal har nyleg tilsett to samvalsrådgivarar som også skal bidra til styrka fokus på pasienten si stemme i behandlinga. Samvalsrådgivarane i helseføretaket jobbar systematisk for å sikre at pasientar i lag med helsepersonell tek informerte beslutningar om kva undersøkingar- og behandlingar som passar best ut i frå kva som er viktig for kvar enkelt pasient. 

Det som er viktig for ​deg 

​Like viktig som at spørsmålet blir stilt, er at helsepersonell faktisk lyttar til det som blir svart. Dette krev at ein  som helsepersonell er interessert i kva som er pasienten sitt problem og kva pasienten kan gjere og ønsker å gjere i den aktuelle situasjonen. Dette kan etter kvart føre til gode relasjonar i behandlinga og bidra til at fleire pasientar får rett behandling på rett nivå.    

Vi ønsker alle ein flott og inspirerande «Kva er viktig for deg? – dag» 9.juni. 

  • Tanja Yvonne Alme, prosjektleiar for Palliativ plan Møre og Romsdal/kreftkoordinator Sula kommune
  • Jon Even Bjørdal, samvalsrådgivar Helse Møre og Romsdal
  • Kari Beth Fauske, samvalsrådgivar Helse Møre og Romsdal