HELSENORGE

Legg til rette for at smitta partnar får bli med på fødsel

Smittevernet står sentralt når Helse Møre og Romsdal legg til rette for at covid-positiv partnar kan bli med på fødsel.  

– Vi er glade for å kunne legge til rette for at partnar kan bli med på fødsel sjølv om partnar er smitta med covid-19. Samtidig er det viktig å redusere risikoen for smitte mellom partnar og nyfødt så godt som råd. Partnar skal følgje avdelinga sine smittevernrutinar og bruke munnbind på sjukehuset, fortel fagdirektør Erik Solligård.  
 
Fagdirektør presiserer at det er kun under fødsel smitta partnar kan vere til stades. For å redusere risikoen for smitte til mor og barn kan ikkje smitta partnar bli med til barselavdelinga i isolasjonsperioden. Dersom både mor og partnar er smitta, blir familien isolert i lag på sjukehuset.