
F.v. Fagutviklingsjordmor Elin Hansen Ytterdal koordinerer opplæringa ved sjukehusa i fylket. Tone Emilie L. Spinnangr er tiltaksansvarleg i Stine Sofies Stiftelse.
Stine Sofie Foreldrepakke er eit gratis informasjonsprogram for komande og nybakte foreldre.
‒ Gjennom programmet får tilsette opplæring i viktige samtalar dei kan ha med alle komande og nybakte foreldre. Med dette ønsker vi å styrke foreldrerolla og gi både barn og foreldre ein trygg start på det nye livet, forklarer barnesjukepleiar og ansvarleg for tiltaket, Tone Emilie L. Spinnangr.
Programmet er utvikla i samarbeid med helsepersonell og foreldre. Eit femtitalls tilsette ved føde- og barselseksjonen ved Ålesund sjukehus avsluttar denne veka siste del av opplæringa, der tilsette ved sjukehusa i Molde, Volda og Kristiansund også har delteke. Dermed går startskotet for at heile regionen kan ta programmet i bruk.
Trygg informasjon på tvers av fylket
Temaer som gråt, søvn, hjernebygging og bevisstheit rundt eigen oppvekst, er ein viktig del av programmet, som skal gi foreldre konkrete strategiar for å handtere krevande situasjonar.
‒ Vi i Stine Sofies Stiftelse har tru på at vi kan førebyggje vold mot dei minste barna, ved å ligge i forkant av hendingar som vi veit kan bli farlege for barnet, seier Spinnangr.
Opplæringa for sjukehusa i Møre og Romsdal blir koordinert via fagutviklingsjordmor Elin Hansen Ytterdal som har ein tverrgåande funksjon i helseføretaket. Ho meiner det er den raude tråden på tvers av faggruppene som gjer programmet unikt.
– Stine Sofie Foreldrepakke er det einaste informasjonsprogrammet som involverer helsepersonell i både svangerskapsomsorga, på sjukehus og helsestasjonsprogrammet. Det er inndelt slik at helsepersonell skal gi tilpassa informasjon til foreldra i dei ulike fasene av barnet sitt liv, seier ho.
Skal styrke foreldra
På landsbasis nyttar 2 av 3 helsestasjonar og sjukehus programmet. Mange helsestasjonar i fylket kjenner til Stine Sofie Foreldrepakke allereie gjennom foreldreboka ‘10 smarte tips’ og telefon og chattetenesta Foreldresupport 116 123 som blir drifta av Mental Helse Hjelpetelefonen.
‒ Per i dag har helsestasjonar i fleire enn 90 prosent av kommunane i Møre og Romsdal mottatt Stine Sofie Foreldrepakke. Vi veit det er krevande å implementere nye tiltak i ein hektisk kvardag, difor tilbyr vi gratis opplæringsforedrag for å sikre best bruk i heile regionen, seier Tone Emilie L. Spinnangr.
‒ Ønsket vårt er at foreldra til dei nærare 2 500 barna som blir født i fylket kvart år veit kva dei skal gjere i krevande situasjonar som alle småbarnsforeldre kan oppleve å stå i, seier tiltaksansvarleg i Stine Sofies Stiftelse.