
Guro Berge er utdanningssjef i Helse Møre og Romsdal.
Det er stor mangel på både jordmødre og sjukepleiarar med spesialistutdanning innan anestesi, operasjon og intensiv (AIO) på dei fire sjukehusa i helseføretaket. Kvart år lyser helseføretaket ut utdanningstillingar som gir studentane mellom 90 til 100% løn i studietida.
- Det er allereie stor interesse for årets utlysing og vi håpar på mange søkjarar, seier utdanningssjef Guro Berge, og legg til at søknadsfrist er 1. mars for utdanningsstillingane.
Ei klok investeringAnette Lekve er foretakstillitsvalgt i Helse Møre og Romsdal, og har over lang tid jobba for ei sterkare satsing på vidareutdanning for sjukepleiarane.

Foretakstillitsvalgt Anette Lekve.
- Dette er ei klok og nødvendig investering i samfunnskritisk sjukepleiefagleg kompetanse. Eg oppfordrar alle sjukepleierkollegaer med ambisjonar om ei spesialisering innan eit av desse fagområda til å søke, og eg håpar at vi får rekruttert til alle våre fire sjukehus, seier Anette Lekve.
Fast stilling etter utdanningTilbodet om utdanningsstilling er primært retta mot tilsette i Helse Møre og Romsdal, men søkjarar utanfor føretaket er også velkomne til å søkje. Dei som tek utdanninga får ei bindingstid på eitt til tre år, alt etter lengda på den tida dei mottek løn under utdanning.
- Vi tilbyr fast stilling som jordmor eller spesialsjukepleiar etter bindingstida, opplyser Guro Berge.
For å få utdanningsstøtte til jordmorutdanninga må du ha minimum eitt års praksis som sjukepleiar, og for spesialistutdanningane innan AIO kan alle som har minimum to års fulltidspraksis som sjukepleiar søkje. Praksisen kan du ha hatt i eller utanfor sjukehus.
Berge fortel vidare at dei som ønskjer ei utdanningsstilling må sjølve søkje om opptak ved aktuelle utdanningsinstitusjonar. Det er utdanningsstadane som tildeler studieplass. Av dei som har fått studieplass vurderer helseforetaket kven av desse som kan få tilbod om utdanningsstilling med løn. Helse Møre og Romsdal har eit begrensa antall plassar tilgjengeleg i denne ordninga.
Her kan du søkje dei ulike utdanningsstillingane:
Spesialsjukepleiar
Jordmor