HELSENORGE

Signerte ny stor byggkontrakt for Sjukehuset Nordmøre og Romsdal

Tysdag 22.februar signerte Helse Møre og Romsdal kontrakt med Åsen & Øvrelid AS om bygging av nytt psykiatri- og habiliteringsbygg for SNR. Det var stor interesse i marknaden knytt til entreprisen som har ein kontraktverdi på om lag 350 mill. kroner inkl. mva.


Sjukehuset Nordmøre og Romsdal skal stå klart til bruk i mai 2024

Signering av kontrakten mellom HMR og Åsen & Øvrelid

- Vi er særs nøgd med konkurransen kor vi fekk inn fleire gode tilbod frå solide entreprenørar. Åsen & Øvrelid AS har vist stor interesse for oppdrag i SNR-prosjektet og i denne konkurransen leverte dei det beste tilbodet samla sett. Vi er glad for å kunne ønskje dei velkomen inn i prosjektet og ser fram til samarbeidet, seier Heidi Nilsen, leiar av prosjektstyret for SNR. 

Om oppdraget

Totalentreprisen inneber bygging av psykiatri- og habiliteringsbygget med ein storleik på om lag 7 700 m². Åsen & Øvrelid AS som har hovudkontor i Førde har erfaring som totalentreprenør for fleire helse- og omsorgsbygg og ferdigstilte nyleg eit nytt sjukehusbygg for psykisk helsevern for Helse Førde. I 2021 kjøpte dei Røberg AS i Molde som i år endra namn til Åsen & Øvrelid Røberg AS. 

- Vi er godt nøgd med å vinne denne kontrakten som er vesentleg for vår vidare satsinga i Møre og Romsdal. Vi har med oss nyttig kompetanse og erfaring frå realiseringa av psykisk helsevernbygget for Helse Førde. Samstundes vil vi nytte lokal arbeidskraft gjennom Åsen & Øvrelid Røberg AS som får hovudansvaret for produksjonen på byggeplassen, seier Finn Ove Øen, dagleg leiar i Åsen & Øvrelid AS.



Framdriftsplan

Etter ein samhandlings- og prosjekteringsfase er planen å starte opp med fysisk arbeid på byggeplassen på Hjelset før sommaren 2022. Helse Møre og Romsdal har satt som mål å sikre tidleg innflytting og ibruktaking av psykiatri- og habiliteringsbygget seinhausten 2024. 

​Status for kontraheringsprosessen

Signeringa av kontrakten med Åsen & Øvrelid AS er den 20. kontrakten som HMR inngår etter at ny gjennomføringsstrategi blei vedteke. Med det er 90 prosent av entreprenørvolumet kontrahert for bygginga av akuttsjukehuset og det står att tre konkurransar knytt til rigg og drift, sanitær, varme- og kjøleanlegg, samt helikopterlandingsplass.