HELSENORGE
Utdanning og kompetanse

Utdanningsmidlar tildelt i HMR

-Det kom fleire spanande søknadar til utlysinga, og vi er svært nøgd med at vi kunne dele ut såkornmidlar relatert til utdanning i år, her finansierer vi ulike aktivitetar som skal bidra til å utvikle kapasitet og kvalitet i arbeidet med studentar i føretaket. Det har eg trua på, seier utdanningssjef Guro Berge.

-Såkornmidlar for utdanning og kompetanse er meint å bidra til gjere seksjonane i føretaket enda betre rusta til å ta imot dei store praksiskulla i åra framover. Eg synes vi har lukkast med å finne fram til søknadskategoriar som famna bredt og opna for ulike typar søknadar, alt frå hospitering, til frikjøp for å drive simulering/ferdigheitstrening. Dei ulike kategoriane kom vi fram til etter diskusjonar i Utdanningsutvalet, kor vi fikk fleire gode innspel medlemmane. 

 
-No er vi spent på kva resultat dette gir. Føremålet er at midlane skal ha blitt nytta på tiltak som gjev helseføretaket moglegheit til å handtere auken i antal praksiskrevande studieplassar, som vart oppretta i samband med pandemien, fortel utdanningssjef Guro Berge.  

 
Utdanningssjef Guro Berge

Utdanningssjef Guro Berge


 

Mange gode søknadar 

Seksjon for Utdanning og kompetanse mottok rundt tretti såkornsøknader. Vurderinga er gjort av ein komitè samansett av avdelingsleiarar frå ulike klinikkar og tilsette i stab som er godt kjent med utdanningsarbeid i føretaket. Ein tredjedel av søknadane var retta mot frikjøp til praksisrettleiarutdanning, og totalt fekk bortimot 20 tilsette finansiert denne utdanninga. Det kom også inn åtte hospiteringssøknadar og to simuleringssøknadar. Etter gjennomgang av dei formelle krava vart om lag 650 000 kr delt ut til søkjarane.  
 
-Utlysinga var første innan utdanning i HMR. Det er litt tidlig å vurdere effekten, men det ser ut som vi har truffe eit behov med dette verkemiddelet, seier Berge  

 
-Her finansierer vi ulike aktivitetar som skal bidra til å utvikle kapasitet og kvalitet i arbeidet med studentar i føretaket. Det har eg trua på, seier Berge. Vi må ikkje gløyme at rekruttering av nye dyktige tilsette startar allereie når dei er i praksis hjå oss.  ​