
F.v. Ove Fremsæter og Christoffer Lervåg granskar resultatet av modellen generert av kunstig intelligens.
I snart to år har prosjektet i samarbeid med St.Olavs Hospital vore under
utvikling. Titusenvis av bilete og over tusen arbeidstimar ligg i
datagrunnlaget når modellen basert på kunstige intelligens skal kjenne igjen og
teikne ei lang rekke utvalde organ i ein CT-scan. I Desember gikk startskotet
for å nytte modellen klinisk – no jublar dei tilsette ved stråleterapien ved
Ålesund sjukehus av resultatet og gler seg til framtida innan kreftbehandling.
Ein tidkrevjande prosess
All strålebehandling er
individuelt tilpassa kvar enkelte pasient. For behandlinga skal planleggast og
gjennomførast, krev det eit godt tverrfaglig team beståande av legar, medisinske
fysikarar og stråleterapeutar. Dei startar alltid med å ta CT-bilete av den
delen av kroppen som skal behandlast. CT-bileta blir brukt til å lage eit
individuelt tilpassa behandlingsopplegg. Her teiknar dei inn det dei ønsker å
bestråle og kva for områder som skal sparast.
– I denne prosessen teiknar
onkologen manuelt inn alt dei ønsker å strålebehandle. Kvar pasient har over 100
CT-bilete som vi må teikne i, så dette er eit omfattande arbeid, seier overlege
på stråleterapien Tatiana Abramova. Lunger, hjarte, spiserøyr, blodkar, musklar
og mange andre organ teiknast også inn i alle bileta. Dette arbeidet er delt
mellom onkolog og stråleterapeut. Prosessen er tidkrevjande og krev høg
nøyaktighet.
– Kunstig intelligens kan ha eit stort potensiale i slike
arbeidsprosessar og dette er noko av bakgrunnen for at vi ønska å starte med
dette prosjektet, seier seksjonsleiar Nils Skottner.
Prosjektsamarbeid
Prosjektet er eit samarbeid med St.
Olavs hospital og ein svenske bedrift som står for programvara som vert brukt
til planlegging av strålebehandlinga. Datagrunnlaget for trening av modellen til
den kunstige intelligensen er henta frå CT-bilete til om lag 200 pasientar med
brystkreft. Opp mot tusen timar har gått med til detaljert innteikning av
anatomiske strukturar i «thorax»-området, altså brystpartiet.
– Vi har hatt
brei forankring i seksjonen rundt prosjektet, men mange av oss hadde likevel ein
viss skepsis til om denne teknologien faktisk ville fungere. Mange trudde det
ville ta fleire år før det vart mulig, men muligheita var der og vi ville gjere
eit forsøk, seier Skottner.

Biletet viser eit 3D-kart av pasienten generert ved hjelp av kunstig intelligens som brukes til støtte og vurdering i planleggingen. Bildet kan roteres i alle plan og gir bedre oversikt over stråleområdet.
Når avdelinga endelig fekk prøve ein versjon av programvara, kunne dei glede seg
over kva den kunne levere.
– Når vi på sjølvaste lille julaftan fikk teste
modellen i praksis, tenkte vi alle «Wow!», Dette fungerte faktisk enda betre enn
vi hadde turt å håpe på. Nokre dagar er meir givande og spanande enn andre, og
akkurat denne dagen gikk vi alle heim med store smil, seier han vidare.
– Modellen fungerer overraskande godt, seier onkolog Cecilie Nordstrand.
Det er særs motiverande med tanke på alt arbeid som er lagt ned i prosjektet.
Med kunstige intelligens får vi no presentert eit komplett struktursett på vel
eitt minutt. Kontroll og eventuelle justering av enkelte strukturar er også
gjort på nokre få minutt, seier Nordstrand.
Kunstig
intelligens er framtida
Resultata skapar stor motivasjon og
seksjonen er alt i gang med nye prosjekt ved hjelp av kunstig intelligens.
–
Vi såg for oss at prosjektet ville levere frå seg først om nokre år. Men det
leverer allereie no. Drivkrafta for å utvikle dette vidare er sterk. Det neste
vi fortsetter med er utvikling av modellar for prostatakreft, seier Christoffer
Lervåg, som er medisinsk fysikar ved avdelinga. Dette er eit enda meir ambisiøst
prosjekt enn det vi akkurat har fullført, seier han vidare.
Ove Fremsæter er stråleterapeut på planleggingseininga. I samråd med onkolog,
medisinsk fysikar og andre stråleterapeutar, har han ansvaret for at
stråleplanen blir så god som mogeleg.
– Pasientens oppleving av behandlinga
vil vere den same med kunstig intelligens, men vi får potensielt meir tid til
kvalitetssikring, planlegging og auka fagutvikling, seier Fremsæter.

Slik ser ein ferdig stråleplan ut. Her er alle organ nøyaktig kartlagt og stråledose eksakt modellert.
Enda meir tilpassa behandling
Kunstig intelligens vil
truleg få ei heilt sentral rolle i seksjonen sine planar om enda meir tilpassa
strålebehandling i tida som kjem.
– Det som verkeleg er spennande er at når
dette er på plass, kan vi i framtida kanskje skreddarsy behandlinga kvar einaste
dag, redusere biverknadar og auke effekten av strålebehandlinga. Det er dette
som kanskje er det aller mest inspirerande med prosjektet, seier Lervåg.
Lervåg fortel vidare at forskingsprosjektet som visar seg å være ein stor
suksess tidligare enn forventa, er ein grunnstein for utvida bruk av kunstig
intelligens i store delar av kreftbehandlinga. Det er til stor nytte når vi går
i mot ei krevjande eldrebølge i landet. Framtidsutsikta er at vi med fleire
eldre får fleire kreftpasientar.
- Med slike verktøy vil vi være betre rusta til å handtere auka pasientmengde
og samstundes gi minst like god eller betre strålebehandling. Det er eit stort
steg inn i framtida vi har tatt no, avsluttar Skottner.
Kreftavdelinga
ved Ålesund sjukehus behandlar kreftpasientar frå heile fylket.