Nytt sjukehus (SNR)

Sjukehuset Nordmøre og Romsdal

Styra for Helse Møre og Romsdal og Helse Midt-Noreg har vedteke eit nytt felles sjukehus for Nordmøre og Romsdal (SNR). Det skal erstatte Molde sjukehus og Kristiansund sjukehus og skal etter planen stå ferdig i 2021/2022. Som del av prosjektet skal det planleggast med eit akuttsjukehus på Hjelset og eit godt poliklinisk tilbod/distriktsmedisinsk senter i Kristiansund.

 

Sjukehuset skal plasserast mellom dagens to sjukehus, på Hjelset ca 20 minutt utanfor Molde, og ca tre kvarters køyring frå Kristiansund. I Kristiansund er det planlagt å opprette eit distriktsmedisinsk senter/polikliniske tilbod (DMS). Det nye sjukehuset er meint å dekke opptaksområdet i Nordmøre og Romsdal på om lag 130 000 menneske.​

Tilrår å bygge SNR med eit dagkirurgisk tilbod ved Kristiansund sjukehus


Nyheiter om SNR

Vi publiserer fortløpande nyheiter om SNR. Du finn dei i vår samla nyheitsoversikt.

Nyheiter Helse Møre og Romsdal

Organisering

Overordna ansvar - styret i Helse Møre og Romsdal

Styret i Helse Møre og Romsdal eig prosjektet, og administrerande direktør har utnemnt eit prosjektstyre for SNR.


 

Prosjektstyret SNR

Prosjektstyret er eit internt arbeidsorgan for adm. dir. Espen Remme i Helse Møre og Romsdal, i gjennomføringa av SNR. Dei er såleis ikkje eit føretaksstyre.

Olaf Melbø
Styreleiar 
Utnemnt av adm. dir. HMR HF
 
Ingard Nicolai Nilsen
Nestleiar
Utnemnt av adm. dir. HMR HF

Dagne Hordvei
Styremedlem
Utnemnt av adm. dir. HMR HF

Jan Eirik Thoresen
Styremedlem
Utnemnt av adm. dir. HMR HF

Helge Ristesund
Styremedlem
Utnemnt av adm.dir. HMR HF

Tor Rune Aarø
Styremedlem
Utpeika av tilsette i HMR HF


Prosjektdirektør SNR

Prosjektdirektør for byggprosjektet er Bjørn Remen, som blei tilsett i juni 2015. Remen er viseadm. dir. i Sykehusbygg HF, og har vore adm.dir. dei siste 5 av totalt 12 år i Helsebygg Midt-Norge.


Prosjektleiarar SNR

Sykehusbygg HF har hatt to prosjektleiarar i konseptfasen. Pål Ingdal er ansvarleg for programmeringa og Gudmund Moen er ansvarleg for prosjekteringa.

Helse Møre og Romsdal har to prosjektleiarar for SNR-prosjektet. Merete Hagbø frå Molde og Astrid Johanne Brandshaug frå Kristiansund skal sikre koordinering mellom sjukehusa si kliniske verksemd, byggeprosjektet og andre samarbeidspartar. Kommunikasjonsrådgivar i prosjektet er Guri Viken.

Kven utfører arbeidet?

Sykehusbygg HF vil ha gjennomføringsansvaret for SNR-prosjektet frå og med konseptfasen. Sykehusbygg HF er eit nystarta nasjonalt føretak for sjukehusbygging og tek mellom anna opp i seg verksemda frå Helsebygg Midt-Noreg HF, som har hatt dette ansvaret tidlegare i Helse Midt-Noreg.

Les meir om Sykehusbygg

Historikk

  • I 2003 uttalte styra i Helse Nordmøre og Romsdal HF og i Helse Midt-Noreg seg gjennom ein samla plan at det skulle opprettast eit breitt sjukehustilbod i begge bykommunane, og at det skulle byggjast eit nytt sjukehus i Molde.
  • I 2006 vedtok Helse Nordmøre og Romsdal og Helse Midt-Noreg å byggje eit nytt sjukehus på Eikrem i Molde. Byggestart var satt til 2012.
  • Fram til slutten av 2009 var det einigheit om at regionen skulle ha to lokalsjukehus med fulle funksjonar – eitt i Kristiansund og eitt i Molde.
  • I desember 2009 vedtok styret å utgreie flytting av fødeavdelinga og akuttkirurgi-avdelinga i Kristiansund til Molde, noko som provoserte i Kristiansund. Det endelege vedtaket kom i mars året etter.
  • I 2011 blei Helse Nordmøre og Romsdal slått saman med Helse Sunnmøre til Helse Møre og Romsdal. Same år bestemte regjeringa at det skulle utgreiast igjen om det skulle vere eitt eller to sjukehus i regionen.
  • Astrid Eidsvik blei same året utnemnt som adm.dir. for heile organisasjonen.
  • I desember 2012 vedtok Helse Møre og Romsdal ein utviklingsplan som konkluderte med at det skulle planleggast for eit nytt felles sjukehus for Nordmøre og Romsdal. Helse Midt-Noreg slutta seg til konklusjonen i planen. I tidlegfasa/idéfasa i planlegginga skulle også tomtevalet for nytt sjukehus gjerast. Til saman seks alternative tomter blei presentert og vedtaket skulle gjerast i desember 2014 både i Helse Møre og Romsdal og i Helse Midt-Noreg. Etter høyringsrundane var det tre tomteforslag igjen: Opdøl i Molde, Storbakken i Kristiansund og Astad i Gjemnes.
  • 4. desember 2014 gjekk administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal, Astrid Eidsvik, av på dagen fordi ho meinte at Helse Midt-Noreg ikkje hadde tillit til henne.
  • 8. desember 2014; Dag Hårstad blei konstituert som ny administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal.
  • 10. desember 2014 la Helse Møre og Romsdal fram styresaka utan innstilling.
  • 11. desember 2014 gjekk Helse Midt-Noreg inn for at det nye felles sjukehuset blei lagt til Opdøl i Molde. Sjukehuset skulle også inkludere poliklinikk/dagbehandling/DMS-tilbod i Kristiansund.
  • 17. desember 2014 vedtok styret i Helse Møre og Romsdal at akuttsjukehuset blei lagt til Opdøl i Molde.
  • 18. desember 2014 vedtok Helse Midt-Noreg at akuttsjukehuset blei lagt til Opdøl i Molde.
  • 19. desember 2014 vedtok helseminister Bent Høie i føretaksmøte at sjukehuset skulle liggje på Opdøl i Molde, i tråd med vedtaka frå dei to helseføretaka.
  • Februar 2015. Kontroll- og konstitusjonskomiteen gjennomførte ei høyring som hadde som mål å avdekke om statsråden hadde gitt styringssignal i forkant av tomtevalet, og utanom føretaksmøta.
  • Mai 2015. Komiteen konkluderte at statsråden ikkje hadde gått utanom styringslina.
  • Oktober 2015. Kristiansund kommune stemna Helse Midt-Noreg for retten, med krav om dom på ugyldigheit av vedtak om tomteplassering av akuttsjukehuset.
  • Juni 2015. Espen Remme blei tilsett som ny administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal.
  • September 2015. Oppstart av konseptfasen for Sjukehuset Nordmøre og Romsdal.
  • 9.mars 2016 sakshandsama styret i Helse Møre og Romsdal hovudfunksjonsprogrammet for Sjukehuset Nordmøre og Romsdal.
  • Mai 2016. Rettsak om sjukehussaka i Inntrøndelag Tingrett.  
  • 30. juni 2016. Helse Midt-Noreg frikjend i sjukehussaka.
  • 30.august 2016. Styret i Helse Møre og Romsdal vedtok å sende konseptrapporten ut på høyring.
  • 1.september 2016. Konseptrapporten sendt ut på høyring.
  • 6. september 2016. Kristiansund kommune vedtok å anke dommen i sjukehusrettsaka inn for lagmannsretten
  • 15. november 2016 la administrerande direktør, Espen Remme, fram styresaka og si innstilling til vedtak. Remme tilrådde alternativ 2A: akuttsjukehus på Hjelset og eit DMS ved eksisterande sjukehus i Kristiansund med eit dagkirurgisk tilbod.
  • 25.november 2016 vedtok eit einstemming styre i Helse Møre og Romsdal konseptrapporten.
  • 8.desember 2016 vedtok  eit einstemming styre i Helse Midt-Norge konseptrapporten. Styret ga med det klarsignal for oppstart av forprosjektet for Sjukehuset Nordmøre og Romsdal i 2017.

Styresaker

Les styresaker om SNR

Forprosjektfasen

Målet med denne fasen er å kvalitetssikre alle berekningar og å førebu bygginga av det nye sjukehuset, slik at ein kan fatte endeleg avgjerd om å bygge. I forprosjektfasen går ein meir detaljert inn i innretting og utstyr i sjukehuset. Arkitektane lager meir detaljerte teikningar av bygget og av uteareal, og alle rom blir teikna inn. Prosjektkostnaden blir kvalitetssikra før endeleg avgjerd. I forprosjektfasen skal ein og lage ein plan for korleis bygginga skal gjennomførast.

Forprosjektet starta opp i januar 2017.

Idéfasen

Her greier ein ut ulike driftskonsept for det nye sjukehuset. Det kan til dømes gå på om all sjukehusverksemda er sentralisert inn i sjukehuset eller om det er poliklinikk og dagbehandling også utanfor sjukehuset. Om lag kor mykje areal trengst, korleis nyttar ein arealet, kva kostar dei ulike alternativa, kor fleksible er dei for framtidige behov, og korleis skal helseføretaket finansiere dei? Helse Møre og Romsdal har i denne fasen også tatt for seg val av tomt. Dei mest aktuelle driftskonsepta blir med inn i neste fase.

Idéfaserapport for Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (pdf)

Konseptfasen

I denne fasen skal ein velje mellom dei mest aktuelle konsepta for nytt sjukehus og peike på eitt av dei. For å få det til blir dei ulike alternativa greidd ut i detalj og på ein likeverdig måte slik at ein kan velje reelt mellom dei. Basert på det ein veit om framtidige behov så går ein inn i ulike problemstillingar: Korleis kan ein løyse funksjonane i eit nytt bygg? Korleis bør logistikken vere? Kva koster det å drive sjukehuset? Dette blir berekna ganske nøye, ned til om lag kor mange rom ein treng og kva storleik ein bør leggje til grunn. Deretter byrjar arkitektar å lage skisser som viser korleis driftsmodellane kan sjå ut som ferdige bygg. Ein reknar også ut samla prosjektkostnad og vurderer helseføretaket si evne til å bere kostnaden. Eit eksternt miljø blir leigd inn til å kvalitetssikre om alternativa er greidd ut på ein likeverdig måte. Grunnlaget frå konseptfasen dannar grunnlag for adm.dir si innstilling til vedtak i koseptfasen. Konseptrapporten blei vedteke i styret i Helse Møre og Romsdal 25.november 2016, og i styret i Helse Midt-Norge 8.desember 2016.

Konseptrapporten med delutgreiingar

Høyring konseptrapporten Sjukehuset Nordmøre og Romsdal​

Hovudfunksjonsprogrammet

Hovudfunksjonsprogram Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (pdf)

Kontakt oss

Send e-post til: prosjekt.snr@helse-mr.no

Kommunikasjonsrådgivar Guri Viken: guri.viken@helse-mr.no