Sommaren og hausten 2020

Aktivitetar i prosjektet denne veka

Frå juni og fram til desember 2020 blir det gjennomført eit Funksjonsprosjekt for akuttsjukehuset på Hjelset med kvalitetssikring og detaljering av prosjektet. HMR jobbar i tillegg med å konkretisere kva spesialisthelsetenestetilbod som skal vere i DMS i Kristiansund. Vedtaka frå konseptfasen ligg til grunn for dette arbeidet.

Tilsette ved Kristiansund og Molde sjukehus går saman i SNR
​Aktivitet
​Start
​Slutt
Funksjonsprosjekt for akuttsjukehusetJuniDesember 2020
Bygging av to nye bruer på HjelsetJuni​Mars 2021
​Ombygging av B-paviljong og riving av A-paviljong​Hausten 2020​Hausten 2020
​Endeleg bestilling i byggeprosjektet​Desember 2020
​​Byggestart akuttsjukehuset​Desember 2020
​Utvikling av DMS-prosjektet​​2018​2024

Funksjonsprosjektet for vidareutvikling av akuttsjukehuset
Prosjektorganisasjonen jobbar tett saman med Skanska, Cowi, Arkitema/Ratio og Bravida i Funksjonsprosjektet for å kvalitetssikre og detaljere løysingar for akuttsjukehuset på Hjelset.

DMS-prosjektet i Kristiansund
Som ein del av SNR-prosjektet skal det etablerast eit spesialisthelsetenestetilbod ved eit distriktsmedisinsk senter i Kristiansund. Joakim Varvin er prosjektleiar for DMS-prosjektet og vil saman med partane i prosjektet, Helse Møre og Romsdal, ORKidé og Kristiansund kommune jobbe med å konkretisere pasienttilbodet i framtidas DMS.

Bygging av to nye bruer på Hjelset
Veidekke Entraprenør AS har oppdraget med å prosjektere og bygge to nye bruer, samt tilhøyrande veg på Hjelset.  Veidekke som har med seg Norconsult på rådgivarsiden vil starte å prosjektere i juni og ser for seg fysisk oppstart på tomta på Hjelset i august. Planen er å ferdigstille oppdraget i midten av mars 2021.

Ombygging av Strandheim
Bygget som i dag fungerar som prosjektkontor for SNR-prosjektet vil i framtida vere eit administrasjonsbygg for Helse Møre og Romsdal. Bygget er blitt rehablitert og modernisert for å vere tilpassa framtidig bruk. Røberg Bygg AS hadde ansvaret for oppdraget som blei avslutta i mai 2019.

Infrastrukturentreprisen
Arbeidet med ny infrastruktur blei avslutta i desember 2018 og blei gjennomført av Romsdal Anlegg AS. Opdølvegen er rusta opp og gang- og sykkelvegar er etablert. Det er også lagt opp nye rør vannforsyning, avløpsanlegg, og det er lagt til rette for framtidig forsyning av straum og data.

Riveentreprisen
Rivearbeidet på sjukehustomta blei avslutta 29.mai. 2018. AF Decom hadde ansvar for gjennomføringa og 20 ulike bygg og konstruksjonar blei fjerna frå tomta. Arbeidet innebar miljøsanering, riving og sluttdisponering av riveavfall.

Kontakt oss:

Har du spørsmål, eller ønskjer du meir informasjon så send e-post til: prosjekt.snr@helse-mr.no



Fann du det du leita etter?