Forprosjektfasen starta opp i februar 2017 og prosjektorganisasjonen frå konseptfasen, som bestod av tilsette frå Helse Møre og Romsdal og Sykehusbygg, blei vidareført og forsterka. I forprosjektet har arkitektar utarbeidd meir detaljerte teikningar av akuttsjukehuset og av utearealet på Hjelset, og alle rom er teikna inn og plassert i forhold til kvarandre. Behov for nærleik mellom funksjonar ut frå pasientforløpsperspektivet har vore førande for plassering av funksjonar.
I Kristiansund har arkitektane teikna inn romma som skal brukast av Helse Møre og Romsdal, men arbeidet må vidareførast i neste fase og i samråd med eventuelle andre aktørar som skal inn i sjukehusbygget.
I forprosjektet er det utarbeidd eit romfunksjonsprogram som gjer greie for verksemda i alle rom, samt funksjonelle og tekniske krav til rom og bygg. Programmering av rom og utstyr er gjennomført parallelt med utviklinga av forprosjektet.
I forprosjektet er også prosjektkostnaden kvalitetssikra og det er utarbeidd ein plan for korleis bygginga av Sjukehuset Nordmøre og Romsdal skal gjennomførast.
Les Forprosjektrapporten her
Tidsplan forprosjektet
Romfunksjonsprogram og utstyrsprogram er ferdig
Tidspunkt: 30. juni 2017
Behandling av områdereguleringsplan på Hjelset
Tidspunkt: 14. september 2017
Beslutningstakar: Kommunestyret Molde kommune
Godkjenning av forprosjektet
Tidspunkt: 29. november 2017
Beslutningstakar: Styret i Helse Møre og Romsdal HF
Godkjenning av forprosjektet
Tidspunkt: 7. desember 2017
Beslutningstakar: Styret i Helse Midt-Noreg RHF