Aktivitetar i prosjektet denne veka

Veke 26-30

Det pågår omfattande arbeid med å etablere ny infrastruktur for å klargjere sjukehustomta på Hjelset. Her finn du informasjon om kva aktivitetar som skjer i sommar.

Mykje anleggsarbeid pågår på sjukehustomta
​Aktivitet
​Start
​Slutt
Sprenging i området mellom Opdølvegen og Strandheim​Mars​Juni
​Arbeid med nye vann- og avløpsrør​1.mars​November
​Betongarbeid i samband med støttemur til parkeringshus​Mai​August
​Spunting i samband med oppsett av støttekonstruksjon for ny veg​23.april​18.juni
​Gravearbeid inn til A-paviljongen for omlegging av fjernvarmerør​Juni​Juli
​Gravearbeid i området ned mot prosjektkontoret 20.mai​Juli

Vegane forbi A- og B-sentralen blir stengt i samband med rivearbeidet.

Arbeidet med ny infrastruktur blir gjennomført av Romsdal Anlegg AS. Opdølvegen blir rusta opp og gang- og sykkelvegar blir etablert. Det blir også lagt opp nye rør vannforsyning, avløpsanlegg, samt at ein legg til rette for framtidig forsyning av straum og data. Første del av arbeidet med ny infrastruktur held fram til november 2018

Rivearbeidet på sjukehustomta blei avslutta 29.mai. AF Decom hadde ansvar for gjennomføringa og 20 ulike bygg og konstruksjonar er fjerna frå tomta. Arbeidet innebar miljøsanering, riving og sluttdisponering av riveavfall.

Kontakt oss:

Har du spørsmål, eller ønskjer du meir informasjon så send e-post til: prosjekt.snr@helse-mr.no

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.