Forprosjektfasen

Sjukehuset Nordmøre og Romsdal

Målet for forprosjektfasen har vore å utvikla det valte konseptet til eit nivå slik at styret i Helse Midt-Noreg kan fatte endeleg avgjerd om å bygge. I forprosjektet har ein gått vidare med detaljert planlegging av innretting og utstyr.

Forprosjektfasen starta opp i februar 2017 og prosjektorganisasjonen frå konseptfasen, som bestod av tilsette frå Helse Møre og Romsdal og Sykehusbygg, blei vidareført og forsterka. I forprosjektet har arkitektar utarbeidd meir detaljerte teikningar av akuttsjukehuset og av utearealet på Hjelset, og alle rom er teikna inn og plassert i forhold til kvarandre. Behov for nærleik mellom funksjonar ut frå pasientforløpsperspektivet har vore førande for plassering av funksjonar.

I Kristiansund har arkitektane teikna inn romma som skal brukast av Helse Møre og Romsdal, men arbeidet må vidareførast i neste fase og i samråd med eventuelle andre aktørar som skal inn i sjukehusbygget.

I forprosjektet er det utarbeidd eit romfunksjonsprogram som gjer greie for verksemda i alle rom, samt funksjonelle og tekniske krav til rom og bygg. Programmering av rom og utstyr er gjennomført parallelt med utviklinga av forprosjektet.

I forprosjektet er også prosjektkostnaden kvalitetssikra og det er utarbeidd ein plan for korleis bygginga av Sjukehuset Nordmøre og Romsdal skal gjennomførast.

Les forprosjektrapporten her

Tidsplan forprosjektet

  1. Romfunksjonsprogram og utstyrsprogram er ferdig

    Tidspunkt: 30. juni 2017

  2. Behandling av områdereguleringsplan på Hjelset

    Tidspunkt: 14. september 2017 Beslutningstakar: Kommunestyret Molde kommune

  3. Godkjenning av forprosjektet

    Tidspunkt: 29. november 2017 Beslutningstakar: Styret i Helse Møre og Romsdal HF

  4. Godkjenning av forprosjektet

    Tidspunkt: 7. desember 2017 Beslutningstakar: Styret i Helse Midt-Noreg RHF

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.