Uønska hendingar

Helse Møre og Romsdal ønsker å gi befolkninga informasjon om kvaliteten på helesetenestene ved sjukehusa. Openheit, også om uønska hendingar, er viktig for å gi innsikt i korleis vi arbeider med forbetring og læring.

 

 

​Helseføretaket vil difor legge ut anonymiserte versjonar av desse meldingane på internett. Unntaket er når saka gjeld sjølvmord. Meldingane blir først behandla internt i organisasjonen før dei blir gjort offentlege. Dato vi legg ut ei melding er derfor ikkje same dato som hendinga fann stad.

Spesialisthelsetenesta er pålagd å melde frå til Nasjonalt Kunnskapssenter for helsetjenesten om uønska hendingar. Det gjeld både hendingar som har ført til betydeleg personskade eller som kunne ha gjort det. Meldeplikta er regulert av Lov om spesialisthelsetenesta, paragraf 3-3.

Les meir om bakgrunnen for ordninga her

Frå 1. juni 2013 publiserer HMR anonymiserte meldingar om pasientskadar som skjer i føretaket. Helseføretaket vil ha openheit rundt kva avvik som har oppstått i pasientbehandlinga, og kva tiltak ein har sett i verk i etterkant.

Spesialisthelsetenesta er pålagt å melde frå om uønska hendingar knytt til pasientskadar med moderate eller betydelige konsekvensar, og desse avvika blir rutinemessig meldt inn til det nasjonale Kunnskapssenteret.

– Det er desse meldingane helseføretaket no vel å publisere på eigen nettstad i ei anonymisert form, seier kvalitetsjef Vidar Hagerup i Helse Møre og Romsdal. Hagerup leiar avdelinga som har ansvar for kvalitetsarbeidet i føretaket, og som mellom anna arbeider med å førebygge og etablere gode prosedyrar som set pasienten sin sikkerheit i fokus.

 

Pasientsikkerheit i fokus

– Vi arbeider på fleire nivå i føretaket for å avdekke kva type avvik vi har og kvifor dei oppstår, seier Hagerup. – Meldingar om avvik kjem inn via etablerte kanalar, og vi set i verk tiltak å sikre læring og for å få forbetringar der vi ser det er behov for det, seier Hagerup vidare. Kvalitetsjefen påpeiker at dei med bakgrunn i dei meldingane som er komne inn, har sett seg ut nokre område framover som dei skal ha ein ekstra fokus på, og eit av dei er smittevern.

 

Ønsker å bygge tillit

– Vi meiner at openheit er viktig for å bygge tillit. Vi trur det er betre å vite kva avvik som skjer og kva tiltak sjukehuset har sett i verk, enn å ikkje vite korleis ein handterar dette, seier kommunikasjonssjef Trine Kvalheim. I 2011 var sjukehuset i Østfold første i landet som valde å publisere desse meldingane. Sjølv om mange var skeptisk til slik openheit, har erfaringane deira vore positive. – Ein var mellom anna redd for at ein skulle få færre meldingar om avvik, men talet på meldingar om avvik haldt seg stabilt, seier Kvalheim. St.Olav var først ute i Midt-Noreg, og i 2013 valde HMR å gjere det same.