Bløding etter fødsel

Pasienten måtte ha narkose og morkaka måtte hentast ut på operasjonsstova.

 

​Det oppstod vaginalbløding hos ei kvinne like etter fødsel. Morkaka sat fast, og tiltaka som blei sett i verk hadde ikkje effekt. Pasienten måtte ha narkose og morkaka blei henta ut på operasjonsstova. Kvinna hadde blødd mykje og fekk blodoverføring. Prosedyren for handtering av bløding etter fødsel blir repetert/gått gjennom i avdelinga.