Blodprodukt gitt til feil pasient

Feilen blei oppdaga og strakstiltak blei gjennomført slik at det gjekk bra med pasienten.

 

Ein pasient fekk feil blodprodukt. ​Blodposen var sjekka mot transfusjonsjournalen saman med ein annan sjukepleiar utanfor pasientrommet. Ifølge prosedyra skal to sjukepleiarar kontrollere at namn og fødselsnummer på transfusjonsjournalen stemmer mot pasienten sin ID. Denne kontrollen skal gjerast ved pasienten, ikkje på anna rom.

Feilen blei oppdaga og strakstiltak blei gjennomført slik at det gjekk bra med pasienten. Dersom hendinga ikkje var blitt oppdaga så raskt, kunne det fått alvorlege følger for pasienten.