Fall – fire uønska hendingar frå juli til november

I perioden 22.07. – 01.11. 2016 er det registrert fire uønska hendingar der pasientar har fått moderate eller alvorlege skadar etter fall medan dei var på sjukehus.

 

​Kvalitets og pasientsikkerheitsutvalet (KPU) behandlar fleire pasientskadar kor eldre pasientar fell og får brot medan dei er på sjukehus.

Helse Møre og Romsdal HF deltek i det nasjonale pasienttryggleiksprogrammet kor fallførebygging er eit av tiltaksområda. KPU ber avdelingane sikre at deira prosedyrar for fallførebygging harmoniserast med tiltakspakken og at alt personale har lest og forstått endringane i prosedyrane.