Fall – to uønska hendingar

I perioden april - juli 2016 er det registrert to uønska hendingar der pasientar har falle medan dei var på sjukehus.

​Kvalitets og pasientsikkerheitsutvalet (KPU) behandlar fleire pasientskadar kor eldre pasientar fell og får brot medan dei er på sjukehus. Helse Møre og Romsdal HF deltek i det nasjonale pasienttryggleiksprogrammet kor fallførebygging er eit av tiltaksområda. KPU ber avdelingane sikre at deira prosedyrar for fallførebygging harmoniserast med tiltakspakken og at alt personale har lest og forstått endringane i prosedyrane.