Feil på avlesing av fosterlyd

På grunn av at feil registreringspapir var montert i eit apparat for fosterovervaking vart ikkje avlesinga riktig. Feilen hadde ingen konsekvensar for pasienten.

Ved ei fødeavdeling er det to ulike typar apparat for fosterovervaking, med ulike typar registreringspapir. I eit tilfelle vart avlesinga av fosterlyden ikkje riktig på grunn av at feil registreringspapir var satt i apparatet. Feilen vart oppdaga, og hadde ingen konsekvensar for pasienten.

I avdelinga si avviksbehandling vart det funne ulike apparattypar ved alle fødeavdelingane. Konklusjonen er at det må vere ei overordna målsetting om å standardisere medisinsk teknisk utstyr. Standardisert utstyr aukar pasienttryggleiken, då det reduserer risikoen for brukarfeil.