Fødselsrifter – fire uønska hendingar

I perioden april - juli 2016 er det registrert 4 uønska hendingar der fødande kvinner har fått større fødselsrifter.

 

​Fødselsrifter er ein pårekneleg risiko ved fødsler, og konsekvensen for kvinnene det gjeld kan vere alvorleg. Kvinneklinikken har kontinuerlig fokus på førebygging av fødselsrifter ved at klinikken har felles prosedyre, regelmessig undervisning, oppnemnte ressurspersonar og gjennomgang med fantom, i tillegg til e-læringsprogram.