Hastekeisersnitt utført ved kontroll av svangerskapsforgiftning

På ein kontroll av svangerskapsforgiftning vart det utført hastekeisarsnitt sidan pasienten brått vart uvel. Både mor og barn fekk intensiv behandling, men er friske i dag.

​Det var ein andregongsfødande pasient som kom til kontroll av svangerskapsforgifting fire veker før termin. Pasienten vart brått uvel, og barnet sin hjartefrekvens blei låg. Barnet vart straks forløyst med keisarsnitt, og det var påvist morkakeløysing.

Barnet var dårlig etter fødselen, og fekk intensiv behandling med godt resultat. Mor si svangerskapsforgifting vart forverra etter keisarsnittet, og også ho fekk intensiv behandling med godt resultat.

Hendinga er ein kjent, men sjeldan komplikasjon ved svangerskapsforgifting. Ved etterkontroll går det bra med mor og barn.