Livmorveggen rivna

Ein andregongsfødande pasient opplevde hastekeisarsnitt etter at livmorveggen rivna i eit tidlegare arr etter keisarsnitt. Avdelinga har laga nye prosedyrer for fødande som tidligare har teke keisarasnitt.

​Ein andregongsfødande pasient kjem inn med rier til termindato. Første fødsel for pasienten  var keisarsnitt. På grunn av kjent risiko ved fødsel etter keisarsnitt, vert pasienten nøye overvaka under fødselen. Pasienten får brått smerter over keisarsnittarret, og barnet sin hjartefrekvens vert påverka. Det vert difor bestemt hastekeisarsnitt.

Det viser seg at livmora har rivna i det gamle keisarsnittarret. Kvinna får ei stor bløding. Barnet er slapt etter fødselen, og blir over flytta til nyfødt intensiv avdeling for behandling. Mor og barn er friske ved utskriving.

Hendinga er ein kjend, men sjeldan komplikasjon ved tidligare keisarsnitt. Avdelinga har i ettertid laga ei ny prosedyre for fødslar etter tidlegare keisarsnitt