Manglande kompetanse hos vikarlege

Helse Møre og Romsdal har avslutta arbeidsforholdet og meldt saka vidare.

​Ein overlege-vikar i Helse Møre og Romsdal (HMR) var på kort tid involvert i tre pasientskadesaker. Til trass for kvalitetssikra tilsetting og opplæring viste overlege-vikaren i praksis manglande kompetanse. HMR avslutta etter kort tid arbeidsforholdet til vedkommande. Saka er meldt vidare til overlege-vikaren sine arbeidsgivarar og til Fylkesmannen i Møre og Romsdal.