Medikamentfeil

Pasient fekk for mykje smertestillande.

​På grunn av ei feiltolking av medikamentkurva, og manglande dobbeltkontroll før medisinen blei gitt, blei ein pasient dosert med smertestillande medikament over anbefalt døgndose. Pasienten blei vurdert av lege, og det blei konferert med giftsentralen. Pasienten fekk ingen skade etter hendinga utover forlenga observasjonstid i klinikken. Klinikken har følgt opp aktuelt personell med opplæringstiltak i etterkant av hendinga.