Pasient fekk hjartestans og stansalarmen fungerte ikkje

Stansteamet måtte kontaktast på telefon då ein pasient fekk hjartestans.

 

​Ein pasient som var innlagt med forverring av hjartesvikt, fekk hjartestans og døydde. Personalet starta umiddelbart basal hjarte-lungeredning. Stansteamet vart kontakta på telefon då stansalarmknappen ikkje fungerte. Dette førte til at avansert hjarte-lungeredning vart noko forsinka. Saken er vurdert av lege som har konkludert med at feilen på stansalarmknappen ikkje hadde konsekvensar for utfallet til pasienten. Feilen på alarmen vart utbetra umiddelbart.