Skade etter dagkirurgisk inngrep

Pasienten måtte reopererast etter ein skade på indre organ.

 

​Ei kvinne fekk utført eit gynekologisk dagkirurgisk inngrep, tilsynelatande ukomplisert. Ho kom inn igjen dagen etter med magesmerter. Reoperasjonen viste at ho blei påført ein skade på indre organ i forbindelse med inngrepet. Kvinna vart utskriven utan varige skadar etter reoperasjon og infeksjonsbehandling. Gjennomgang av saka i klinikken har avdekka at operasjonen burde ha vore utført av ein meir erfaren operatør.