Skade og infeksjon etter open buk-kirurgi

Skaden førte til meir ubehag for pasienten, reoperasjon, forlenga opphald på sjukehuset, behandling med antibiotika og blodtransfusjon.

Ein pasient fekk utført ein planlagd operasjon ved open buk-kirurgi. Grunna fleire kjende risikofaktorar blei inngrepet utført av to erfarne legespesialistar. Etter 3 dagar vart pasienten lagt inn på nytt med infeksjon i bukhola. Vidare undersøkingar viste at infeksjonen skuldast ein skade som vart påført tarmen under inngrepet. Pasienten måtte opererast på nytt og fekk fjerna ein liten del av tynntarmen. Skaden førte til meir ubehag for pasienten, reoperasjon, forlenga opphald på sjukehuset, behandling med antibiotika og blodtransfusjon.