Stort blodtap etter fødsel

Ein pasient opplevde stort blodtap etter fødsel og vart send til operasjonsavdelinga for behandling. Pasienten hadde elles eit normalt barselopphald.

​Omlag 40 minutt etter fødselen fekk den førstegongsfødande pasienten kraftig vaginalbløding. Det vart straks sett i verk medikamentelle tiltak, men blødinga ville fortsatt ikkje stoppe. Pasienten vart difor flytta til operasjonsavdelinga for vidare undersøking og behandling, og blødinga vart dermed stoppa.

Pasienten mista omtrent 3 liter blod, og fekk blodoverføring i samband med operasjonen.

Pasienten vart utskriven etter eit elles ukomplisert barselopphald, og er frisk i dag.