Tvillingsvangerskap

Fosterdød i mors liv.

 

​Gravid kvinne som fekk oppfølging i poliklinikken på grunn av tvillingsvangerskap, kom inn før avtalt kontroll med spørsmål om lite liv. Det blei konstatert fosterdød i mors liv hos begge barna. Dette skuldast ein sjeldan men kjent komplikasjon i tvillingsvangerskap. Hendinga vart varsla til Statens Helsetilsyn, som avslutta saka etter helseforetaket si utgreiing om hendingsforløpet. Etter hendinga har klinikken betra rutinane for oppfølging av tvillingsvangerskap, og planlagt tiltak for at ein større del av legespesialistane får utvida ultralydkompetanse.