Oppfølging av utviklingsplanen

Under finn du eit utdrag av kva vi arbeider med i samband med utviklingsplanen.

Illustrasjonsbilde, mange hender med i arbeidet.

Illustrasjonsbilde: colourbox.com


Klinikk for psykisk helse og rus

  • Klinikken har fått ein fylkesdekkande sikkerheitsseksjon i Ålesund
    Les også: Fylkesdekkande sikkerheitspsykiatri i Ålesund
  • Innan psykisk helse og tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB) førebur vi oss på innføring av standardiserte pasientforløp som blir gjeldande frå 1. januar 2019. 30. oktober arrangerte vi ein konferanse om tematikken, der også helseminister Bent Høie deltok.
    Les også: Lanserte pakkeforløp for psykisk helse og rus 
  • Vi har etablert eige FoU-utval i klinikken
  • Vi har arbeidd intensivt med tematikken «Riktig og redusert bruk av tvang» og har gjennomført ein omfattande kursing av tilsette innan Terma (Terapeutisk mestring av aggresjon).

Klinikk for kirurgi

  • Hausten 2018 har vi sett i gong to arbeidsgrupper. Den eine skal vurdere akuttkirurgisk vaktordning for pasientar tilhøyrande Volda sjukehus, medan den andre skal sjå på organiseringa av traumesystemet i helseføretaket.
    Les også: Ser på både traumesystem og akuttkirurgi i oppfølginga av utviklingsplanen
  • Robotkirurgi. Saman med klinikk for kvinner, barn og ungdom har vi som mål å få etablert ei arbeidsgruppe for robotkirurgi i løpet av vinteren 2018/2019.
  • Arbeidet med samling av fagmiljøet innan karkirurgi, mamma-/endokrinkirurgi i HMR er i gong. Målet er å etablere fagaksar som sikrar kompetanse og tar omsyn til pasientane.
  • Samarbeid på tvers har gitt auka arbeidsdeling mellom sjukehusa slik at vi nyttar kapasiteten og kompetanse best mogleg.
  • Vi jobbar aktivt med korleis vi skal handtere utfordringar knytt til rekruttering av spesialistar. Dette gjeld fleire fagområde i klinikken. 

Klinikk for medisin og rehabilitering

  • Frå 1. september har klinikken samlokalisert onkologisk og hematologisk seksjon på Kreftavdelinga. Hematologisk sengepost flytta frå medisin 5, og det nye namnet på sengeposten er kreft og blodsjukdommar. Med dette får vi samla hematologien på ein stad, samtidig som vi får ei meir effektiv drift med fleire senger på Kreftavdelinga. 
  • PET. Målet vårt er å starte opp eit arbeid i vinter, i lag med økonomiavdelinga. På grunn av investeringskostnadar vil tidsramma for oppstart og drift vere nokre år fram i tid.
  • Det er oppnemnd ei gruppe som ser på arbeidsretta rehabilitering. Dette grip også inn i klinikk for akuttbehandling og rusfeltet (klinikk for psykisk helse og rus), og desse blir også involverte.
  • PCI: Vi arbeider med korleis utgreiinga kan organiserast.

Klinikk for diagnostikk

  • Vi førebur samling av fagmiljøa innan patologi
  • Ei arbeidsgruppe vurderer alternative transportordningar mellom sjukehusa og mellom sjukehus og legekontora. Dei skal kome med si anbefaling hausten 2018.
  • Vi har rekruttert overlege og lege i spesialisering (LiS) innan patologi.
  • Vi har tatt i bruk snittscanner, både i Ålesund og i Molde. Dette er ein start på innføring av digital patologi som er eit kompetansehevande tiltak i klinikken. 
  • Vi førebur innføring av nytt labsystem (HMN LAB)

Klinikk for akuttbehandling

  • Arbeidet knytt til sterilforsyning i Helse Møre og Romsdal er godt i gong
  • Oppbygging av ei simuleringseining er under planlegging
  • Intensivprosjektet er starta
  • Observasjonssenger/korttidssenger blir utgreidd med tanke på om det kan vere mogleg å etablere ved alle sjukehusa
  • Smertetilbodet i Helse Møre og Romsdal skal utgreiast. Per no er kartlegginga gjennomført.
  • Det er starta eit arbeid med organisasjonsutvikling i avdeling for prehospitale tenester
  • Det blir arbeidd med rekruttering av kritisk personell

Klinikk for kvinner, barn og ungdom

  • Poliklinikkane for barne- og ungdomspsykiatri (BUP) har mange forbetringstiltak i gong, bl.a. ein stor prosess knytt til pasientflyt og standardisering
  • Innføringa av nasjonale standardiserte pakkeforløp for psykisk helse og rus frå 1. januar 2019 inkluderer også barn og ungdom
  • Kapasiteten er auka ved Ungdomspsykiatrisk døgnseksjon i Ålesund, samtidig som vi vidareutviklar kompetansen, bl.a. gjennom eit nasjonalt kompetansenettverk (KVIP)
  • Vi førebur arbeidet med samanslåinga av føde-/barselavdelingane i Kristiansund og Molde. Samanslåingsprosessen skal vere i gang i 2019
  • Barneblikk, som er eit lågterskeltilbod for gravide og småbarnsforeldre med rus- eller psykiske vanskar, er eit omfattande samhandlingsarbeid som er i stadig utvikling
    Les meir om Barneblikk

Bygningsmessig utviklingsplan

  • Vi har oppretta ei arbeidsgruppe for akuttmottak og obs.sengar ved Volda sjukehus. Forprosjektet vil bli avslutta kring årsskiftet. Prosjektet inkluderer også tilpassing av areal i 1. og 2. etasje for å betre forholda for poliklinikk og dagbehandling. Planlagt gjennomføring i 2019-2020.
  • Vi har oppretta ei arbeidsgruppe for akuttmottak og korttidspost ved Ålesund sjukehus. Forprosjektet vil bli avslutta kring årsskiftet. Planlagt gjennomføring i 2019-2021.
  • Ei arbeidsgruppe ser på moglege løysingar for bruk av bygget som tidlegare vart brukt av Hjelpemiddelsentralen i Ålesund (nabobygg til sjukehuset). Arealet er eventuelt tenkt brukt til barne- og vaksenhabiliteringa som i dag ligg i høgblokka. Det er ikkje tatt noko avgjerd om eit eventuelt kjøp av bygget.
  • Kjøp av bygg (gml. legevakt Ålesund) er gjennomført. Bygningsmassen er førebels ikkje tatt i bruk.
  • Ny straumforsyning ved Ålesund sjukehus har planlagt gjennomføring i 2019-2020. Tekniske forhold kring prosjektet vil kunne verke inn på planlegging og gjennomføring av akuttmottak og kortidspost, i tillegg til ny intensiv (operasjonsfløy).
  • Ny intensivavdeling ved Ålesund sjukehus (operasjonsfløy) har planlagt gjennomføring i 2021.

Ekstern samhandling

  • Etter justering og høyring skal Samhandlingsstrategien mellom helseføretaket og kommunane i Møre og Romsdal endeleg godkjennast i møte i Overordna samhandlingsutval (OSU) 27. november 2018.
  • Vi har etablert «Møteplass Møre og Romsdal» som er ei satsing på felles retningslinjer for samarbeid mellom legar i og utanfor sjukehus. Retningslinjene har vore på høyring og skal forankrast i OSU 27. november 2018.
  • Revisjon av samhandlingsavtalen, herunder samhandlingsstruktur, starta i første møte i forhandlingsutvalet 8. november.
  • I DMS Sundal er det avvikla røntgen, blodtapping og ortopedi. 
  • Vi jobbar med rekrutteringsstrategi og struktur for å styrke samhandlinga mellom Helse Møre og Romsdal og utdanningsinstitusjonane i fylket.

Teknologi, samhandlingsverkty og Helseplattformen

  • Helseplattformen blir eit viktig verkty for å nå måla i utviklingsplanen, og vi må utnytte potensialet som ligg i å ta i bruk moderne teknologi og digitalisering for å betre pasientbehandlinga og pasienttryggleiken.
  • Regjeringa sitt forslag til Statsbudsjett 2019 legg grunnlaget for finansiering av Helseplattformen i Midt-Norge. Det er sett av 575 millioner kroner samla i lån og tilskudd for ei felles elektronisk pasientjournalløsning for spesialisthelseteneste, kommuner og fastleger.

  

Vidare arbeid med tiltak i utviklingsplanen

I tillegg til å konkretisere tiltaka i utviklingsplanen, må vi sjå på ytterlegare tiltak for å sikre at føretaket har økonomisk bereevne. Dette inneber både å sjå korleis vi kan forbetre det vi gjer i dag, samstundes som vi må vurdere effekten av mogelege strukturelle endringar i føretaket. 

Styret, leiinga, fagmiljø, brukarar, tillitsvalde, verneteneste og relevante samarbeidspartar som kommunane og utdanningsinstitusjonane blir involvert i dette arbeidet.

  

Involvering i arbeidet med Utviklingsplanen for HMR

  1. Møte med føretakstillitsvalde

    12.11.2018 Operasjonalisering av utviklingsplan

  2. Møte med hovudtillitsvalde og føretakstillitsvalde

    21.11.2018 Operasjonalisering av utviklingsplan

  3. Møte i lokalt samhandlingsutval Molde sjukehus

    23.11.2018

    Oversikt medlemmar i utvalet
  4. Møte i lokalt samhandlingsutval Kristiansund sjukehus

    23.11.2018

    Oversikt medlemmar i utvalet
  5. Møte i Overordna samhandlingsutval

    27.11.2018

    Saksliste og protokoll
  6. Møte i Arbeidsmiljøutvalet (AMU)

    03.12.2018

  7. Møte i brukarutvalet for HMR

    03.12.2018

    Saker og protokollar frå møta i utvalet
  8. Styremøte HMR

    04.12.2018

    Saksliste og protokoll
  9. Stadleg leiarsamling Ålesund sjukehus

    06.12.2018

  10. Stadleg leiarsamling Kristiansund sjukehus

    10.12.2018

  11. Stadleg leiarsamling Molde sjukehus

    13.12.2018

  12. Stadleg leiarsamling Volda sjukehus

    17.12.2018

  13. Ekstraordinært styremøte

    24.01.2019

    Saksliste og protokoll
  14. Møte i brukarutvalet for HMR

    18.02.2019

    Saker og protokollar frå møta i utvalet
  15. Leiarsamling alle leiarar HMR

    07.03.2019

  16. Lokalt samhandlingsutval Ålesund sjukehus

    Våren 2019

    Oversikt medlemmar i utvalet
  17. Lokalt samhandlingsutval Volda sjukehus

    Våren 2019

    Oversikt medlemmar i utvalet
  18. Styremøte HMR

    20.02.2019

    Saksliste og protokoll


Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.