Klage og erstatning

Du har rett til å klage dersom du meiner at du ikkje har fått oppfylt dine rettar som pasient, eller at du ikkje har mottatt dei helse- eller omsorgstenestene du har krav på. Pårørande kan også ha klagerett.

​Dersom du skal klage, må du sende skriftleg klage til den du klager på, det vil seie den eininga i helse- eller omsorgstenesta som har ansvaret for avgjersla du klagar på.

Eininga du klagar på skal vurdere klagen og få mogelegheit til å gjere om på avgjersla. Dersom dei framleis er ueininge med deg, sender dei klagen vidare til fylkesmannen.

Fritt rettsråd - psykisk helsevern

Pasientar som vil klage på vedtak som gjeld tvangsmedisinering og tvangsernæring innan psykisk helsevern, har rett til 5 timar advokatbistand i samband med klagesaken. Denne ordninga blir kalla fritt rettsråd, og vart innført 1. juli 2017.

Dersom du har eigne ønske om advokat kan sjukehuset også hjelpe deg med det. Om du vel ein annan advokat enn dei som yter fritt rettsråd, kan det føre til ekstra utgifter for deg. Dette gjeld blant anna advokaten sine utgifter til reise og opphald.

Det er fylkesmannen som er klageinstans i slike saker. Dersom du vel å få bistand frå advokat til å klage, sender sjukehuset informasjon til fylkesmannen. Informasjonen omfattar kva advokat som bistår deg i saka, i tillegg til klagen din.


Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.