Heimen er ein god arena

I heimen er familien vertskapet og relasjonen blir meir likeverdig.  Det er ein av grunnideane  til Familieambulatoriet i Bergen.

Fra venstre:Randi Boge, Turid Løvoll, Mette Grytten, Gry Kristin Lia, Siv Kvamme, Ole Lorvik, Helga Melkeraaen, Venke Brandshaug, Trude Larsen, Lisbeth Lorentzen.

​Familieambulatoriet er ein sengepost for frivillig behandling av gravide med ruslidingar og familiar med barn i alderen 0-6 år, der ein eller begge foreldra har ei rusliding. I september besøkte ei gruppe frå Barneblikk tilboda i Bergen og fikk med seg nyttige innspel til arbeidet i Møre og Romsdal.

I spesialisthelsetenesta

Familieambulatoriet og forsterka helsestasjon er eit tiltak som tilbyr heimebesøk til gravide og småbarnsfamiliar som slit med rusproblematikk. Familieambulatoriet er plassert i spesialisthelsetenesta. Dei driv ambulant verksemd og møter for ein stor grad klientane i deira eigen heim. I tillegg har familieambulatoriet døgnplassar og poliklinikk. Dette gjer at oppfølginga kan tilpassast familiane sine behov.

Langsiktige oppfølging

Ein annan suksessfaktor har vore den langsiktige oppfølginga der familien møter same personen over tid og får høve til å bygge ein trygg relasjon. Når rus ikkje er hovudtema lenger, er andre livsområder viktige. Eit trygt familieliv krev ein tilfredsstillande bustad, stabil økonomi, eit meiningsfullt dagtilbud, eit godt nettverk m.m. Familien kan vere i kontakt med mange instansar . Då er det tverrfaglege samarbeidet rundt familien heilt avgjerande. 

Familieambulatoriet er ein brubyggjar mellom dei tilboda som allereie eksisterer, og samarbeider både tverrfagleg og tverretatleg for å gi ein heilskapleg og langsiktig oppfølging av familiane. Teamet er tverrfagleg samansett av lege, psykolog, jordmor, sjukepleiar, vernepleiar, barnevernspedagog, sosionom, førskolelærar og anna miljøpersonell.

Komande foreldre treng ofte hjelp til tidleg å knytte seg til barnet i magen. Ultralydundersøkinga er ein god arena for dette der foreldra får det første visuelle møtet med barnet sitt. Familieambulatoriet følgjer ofte foreldra til denne hendinga. 

Overgangar

Alle overgangar kan vere risikofylte for foreldra. Når for eksempel barnet startar i barnehage og foreldra får meir tid til andre ting så kan rustankane dukke opp igjen. Familieambulatoriet har difor jamleg kontakt med familien sjølv i dei gode periodane. Ein av pårøranderepresentantane frå Barneblikk poengterte den respektfulle og varme måten personalet omtalte familiane på. Det har alt å bety for familiane.
Når barnet er født får familien helsestasjonstilbod frå forsterka helsestasjon. I barnet sine to første leveår er det hyppig kontakt og et stort fokus er på tilknytinga til barnet. Familiane har ofte mange utfordringar, og det er avgjerande at barnet ikkje vert gløymt i alt det

Reduserer behovet for døgnplassar

Dei besøkande frå Barneblikk tok med seg mykje som kan nyttast i oppbygging av tilbod i Møre og Romsdal sjølv om tilboda her skal plasserast i kommunen i eit tett samarbeid med Helse Møre og Romsdal. Eit særleg moment som dei merka seg var at dei tilsette i Familieambulatoriet erfarar at ambulante tenester reduserer behovet for døgnplassar.