Kvifor var det ingen som spurte korleis eg hadde det heime?

Det er over 70.000 barn som har ein forelder med moderat eller alvorlig alkoholmisbruk, og talet er veldig mykje høgre om vi tek med psykiske lidingar og anna rusmiddelbruk.

Forandrignsfabrikken i aksjon

​Konferansen Barnet & Rusen vert halden ein gong om året og samlar fagfolk frå heile Norden til tre dagar med fagleg påfyll, inspirasjon og erfaringsutveksling. Rusproblematikk som rammer foster, barn og familiar er overordna tema for konferansen.

Vi var 3 personar frå Barneblikk som fekk reise og det vart tre dagar med mykje godt påfyll, både fagleg og menneskeleg. Her er nokre personlege glimt.

Samspelet barn vaksen

Susan Hart er ein danske barnepsykolog og starta konferansen med å snakke om barn sin følsomme hjerne. Hart beskreiv kor viktig samspelet mellom dei vaksne og barnet i familien er. Personligdom, følelsane og sosial kompetanse vert utvikla gjennom makro- og mikroreguleringar. Difor er ein nær og god relasjon mellom barn og forelder viktig heilt frå fødselen av.

Korleis har du det

Ungdomane frå forandringsfabrikken fortalte kva barn trenger når dei har foreldre som strever. Mange opplever å ikkje bli sett som barn.  Ikkje av foreldra og ikkje av andre vaksne. De saknar ofte nokon som spør korleis dei har det. Dei utagerer ofte med anten stillheit eller sinne og kan bli sett på som trøblete barn, men dei treng eigentlig berre å bli sett av oss vaksne.

Dette var følgt opp som tema i eit fantastiske teaterstykket frå Holbæk Teater. Far og dotter framførte eit skodespel henta ut frå deira eige liv.

I Ultimatum står far (Henrik Halby) og dotter (Julie Halby) på scenen saman for å fortelje den hudlaust ærlege forteljinga om eit liv og ein familie som vart knust. Men også ein familie som har funnet livet og kvarandre igjen. Far var rusmisbrukar og dottera vaks opp i ein heim prega av rus og utryggheit.

Spørsmålet frå dottera vart ståande igjen. Kvifor var det ingen som spurte korleis eg hadde det heime? Det var veldig sterkt å sjå og det traff rett i hjertet.

Logterskeltilbod i høgterskelsamfunnet

Ivar Frønes, seniorforskar ved Nasjonalt utviklingssenter for barn og unge, og professor i sosiologi ved UIO, heldt eit glimrende foredrag om utviklinga frå industrisamfunnet til dagens høgterskelsamfunn kor det er lett å falle utanfor. Før var det nok å kunne gå så fikk du jobb, i dag er det mykje høgre krav til alle for å få seg jobb og til å være en del av samfunnet.

Derfor meiner han at i dag treng vi logterskeltilbod i høgterskelsamfunnet av i dag. Meistring av skulen er det viktigaste grunnleggjande førebyggjande arbeid i samfunnet i dag.

Det var tre dagar med sterke inntrykk, og det eg sit igjen med er at barna våre må bli sett. Vi må spørje. Har vi ein magefølelse på at noko er galt har vi ein plikt til å spørje. Og vi må tørre å høyre svaret. Og bli der.

Tove Tennøy.
Brukarrepresentant i barneblikk

Nokre av føredraga finn du her.