Palliativ plan/plan for lindring

Handlingsplan for innføring av palliativ plan i Møre og Romsdal blei vedtatt av overordna samhandlingsutval november 2016.

 

​Innføring av palliativ plan utgjør innsatsområde 2.5 i samhandlingsstrategi 2016-2018.
Palliativ plan vil være eit verktøy som hjelp oss med samhandling, kvalitetssikring og at pasienten sine ynskjer er i fokus. Planen skal hjelpe oss å være førebudd og i forkant. Dette vil bidra til tryggleik for alle partar, både pasienten sjølve, pårørande, helsepersonell og lege.

Ressursgruppa

Ressursgruppa har som mål at planen skal innførast og brukast i alle dei 36 kommunene og i helseforetaket i løpet av 2018. I 2017 har hovudfokuset til ressursgruppa vore  elektronisk samhandling om den palliative planen. Planen skal fylgje pasienten der han er.

Pilotperiode

Vi har hatt ei pilotperiode med uttesting av ulike elektroniske prosedyre. I samarbeid med KomUt og dei ulike systemansvarelge har vi no landa på ei felles prosedyre som fungerar godt. Denne er tilpassa inn i dokumentasjonssystema som pleietenesta i Møre og Romsdal brukar. Denne kan sendast elektroniks via E-melding til fastlege/tilsynslege og til 2 linjeteneste.

Informasjon

Det er gått ut brev med informasjon til alle kommunane. Denne informasjon ligger også på websidene til Helse Møre og Romsdal.
Du finn dokumenta her.

Vi i gong med eit samarbeid med Utviklingsenter for sykehjem og hjemmetjenesten i MR og Helseinnovasjonssenteret. Vi skal utvikle ein opplæringsapp og elæringsmodular om bruk av palliativ plan. Vi er og i gong med å lage informasjonvideo.

Samarbeid

Samarbeidet om palliativ plan i Møre og Romsdal har gjort seg bemerka også nasjonalt. Vi håpar og trur at palliativ plan etter kvart vil være ei nasjonal anbefaling.

Ved behov kan ein kontakte systemansvarlige som har vore med å utarbeida den elektroniske prosedyra:

Irene Glærum, molde kommune, gerica
Irene.glarum@molde.kommune.no
Tlf: 71111181

Sylvi Kristensen, Kristiansund kommune, visma profil
Sylvi.kristensen@kristiansund.kommune.no
Tlf: 99274862